Kom med din idé til nytt fylkesvåpen!

NB! Du kan ikkje lenger sende inn innspel, då fristen gjekk ut 20. juni. 

Har du ein god idé til kva som kan vere eit samlande fylkesvåpen for det nye fylket, så del det med oss!

Sender du inn forslag, er du med og konkurrerer om 25 000 kroner i hovudpremie. Dei andre finalistane får 2000 kroner.

Del gjerne ditt forslag på instagram med #fylkesvåpenvest

Slik deltek du

Du kan enten teikne eit forslag, eller sende inn eit reint tekstforslag der du forklarer motiv og farge.

1. Vel ei form

Våpenskjoldet kan vere spisst eller avrunda i botnen. Viss du vil, kan du bruke ein av desse malane (klikk for større versjon):

2. Lag eit motiv

Kva er felles for Sogn og Fjordane og Hordaland? Kva kan vere eit motiv eller symbol som betyr noko for alle innbyggjarane i det nye fylket?

Velg få fargar, helst ein klar og rein farge og ein metallfarge. Det skal vere eit metall med i fylkesvåpenet.

Det er tre tradisjonar for motiv på fylkesvåpen som du kan la deg inspirere av:

  • Historiske motiv (kulturminne og liknande)
  • Motiv frå flora og fauna som er typisk for området
  • Landskapsmotiv frå området

Sjå meir under «Hovudreglar» og «Hjelp til korleis du kan lage eit fylkesvåpen» lenger nede på denne sida.

3. Send inn

Frist: 20. juni 2018

Forslaga vert sende Sogn og Fjordane fylkeskommune og arkivert. Du kan logge inn med Min ID og få førehandsutfylt namn og adresse, eller gå rett til skjemaet utan innlogging.

Om konkurransen

Ein fagjury og ein folkejury plukkar ut 10 forslag kvar. Desse forslaga vert lagt ut til nettrøysting der du som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane stemmer fram din favoritt. Vinnaren i avstemminga vinn folkefavorittpremien på kr 25 000. Dei andre finalistane får 2000 kroner kvar.

Folkefavoritten og dei opptil 19 andre finalebidraga vert med til inspirasjon i ein designkonkurranse til hausten. Der kan designbyrå og kunstnarar delta. Nærare informasjon om dette kjem. Det er med andre ord ikkje sjølvsagt at det er folkefavoritten som blir det nye fylkesvåpenet.

Etter designkonkurransen vil fagkomitéen rangere dei ferdige bidraga, og innstille til nytt fylkesvåpen. Det er til slutt politikarane i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland som saman vedtek det nye fylkesvåpenet.

Har du spørsmål?

Send e-post eller ring:

Hordaland: Ole Vegard Skauge 55 37 80 57

Sogn og Fjordane: Arlen Bidne 415 30 934

Hovudreglar

Forslaga bør vere i samsvar med desse retningslinene:

  1. Vi skal ha eit nytt fylkesvåpen, ikkje ein kombinasjon av dei gamle.
  2. Motivet må vere samlande og representere den nye fylkeskommunen på ein god måte.
  3. Motivet må vere lett gjenkjenneleg, både i fart, på avstand og i lite format.
  4. Bruk få fargar og motiv. Helst kun éin farge, eitt motiv og eitt metall (gull/sølv).
  5. Farge bør være rein og klar, utan nyansar og sjatteringar.
  6. Motivet bør fylle skjoldflata godt, vere forenkla og utan for mykje detaljer.
  7. Fremstill motivet i rein flateteikning, utan bruk av perspektiv og skuggelegging.

Vilkår

  • Vi har ikkje plikt til å gje alle forslag individuell tilbakemelding.
  • Innleverte forslag kan verte utstilt og presentert, til dømes på nett og i sosiale media, utan ytterlegare godtgjering.
  • Forslag som ikkje er kome inn før fristen, kan verte avviste.
  • Ved tilnærma like forslag, kan utval skje ved loddtrekning.
  • Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har retten til å gjere justeringar og tilpassingar på innkomne forslag. Dette inngår som en del av prosessen, og utløyser ikkje ekstra godtgjering. Justeringar kan også gjerast i designkonkurransen, eller på anna måte som er tenleg for å utforme nytt fylkesvåpen.
  • Alle rettar til dei opp til 20 finaleforslaga, og vinnarforslaget, vert i sin heilskap overdrege til fylkeskommunane. Våpenet skal i tillegg takast i bruk som den nye fylkeskommunen sitt segl, flagg, ordførarkjede samt inngå i fylkeskommunen sitt profilprogram.

Desse er med i fagkomiteen

Arbeidsutvalet vedtok 24. april at desse fem skal vere med i fagkomiteen som skal vurdere forslaga:

  • Janne Leithe, direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • Jørn Øyrehagen Sunde, professor, jurist og rettshistorikar med heraldisk kompetanse
  • Ashley Booth, professor i visuell kommunikasjon ved Høgskulen for Kunst, Musikk og Design i Bergen
  • Oddmund Løkensgard Hoel, førsteamanuensis og språkhistorikar ved Høgskulen på Vestlandet
  • Geir Atle Ersland, UNESCO-professor ved institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen

Viktige datoar (med atterhald om endringar)

  • 20. juni: Frist for innsending av forslag
  • Veke 34: Ein fagjury og ein folkejury vel ut opp til 20 finalebidrag
  • Veke 35-36: Nettavstemming folkeprisen
  • Veke 38: Opning av designkonkurranse med minst tre designbyrå

Hjelp til korleis du kan lage eit fylkesvåpen

Her er gode nettsider om heraldikk og våpenskold som kan vere til hjelp når du skal tekne ditt forslag.

Inspirasjon og hjelp

Innblikk i kva som ligg til grunn for dei kommune- og fylkesvåpna vi har i dag. Det kan hjelpe deg med å kome med forslag til fylkesvåpen:

Lovar og reglar

Fram til 2018 var det lovkrav til korleis offisielle våpen i Norge skulle utformast. No er det opp til den enkelte kommune og fylkeskommune å vedta sitt eige våpen. Alt om det formelle finn du her: