TOPPVERVA I VESTLAND: Jon Askeland (Sp) blir fylkesordførar og Natalia Golis (MDG) fylkesvaraordførar.

Jon Askeland blir fylkesordførar

Jon Askeland (Sp) blir den første fylkesordførar i nye Vestland fylkeskommune. Natalia Golis (MDG) blir fylkesvaraordførar.

Publisert 13.09.2019 av redaksjonen

Det var ein nøgd fylkesordførar Anne Gine Hestetun som presenterte den politiske plattforma saman med dei fem andre partia.

– Eg er kjempeglad for å legge fram ei politisk plattform og at vi har klart å fordele verv som vi alle er nøgde med. Det har vore kjekt å arbeide med dette. Samtalane har vore konstruktive og krevjande, og vi har klart å få til mykje godt samarbeid og har  landa mykje god poltikk. Eg ønskjer Jon Askeland lukke til som fylkesordførar, seier Anne Gine Hestetun.

FTB1134N1000.jpg

Seks samarbeidande parti i fylkespolitikken legg fram politisk plattform for dei første fire åra i Vestland fylkeskommune: Gunhild Berge Stang (V) (f.v.), Trude Brosvik  (KrF), Natalia Golis (MDG), Anne Gine Hestetun (A), Jon Askeland (Sp) og Marthe Hammer (SV). 

Sterk vilje

Jon Askeland seier at det heile tida var ein sterk vilje til å få dette til.

– Takk til Anne Gine Hestetun for heltemodig leiing av forhandlingane. Det har vore på grensa til ekstremsport. Vi har hatt seks parti og to fylkeskulturar som skal samarbeide. Det har vore krevjande. Vi er samde om at vi skal ha ein grøn, desentralisert, samarbeidande, utviklande, open fylkeskommune med jambyrdige vestlendingar, seier Jon Askeland.

Natalia Golis (MDG() blir den første fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune

– Eg er svært nøgd med valet og at veljarane vil ha klimahandling. No har vi eit breitt fleirtal for det grøne skiftet. Eg ser fram til fire år med grøn politikk, seier Natalia Golis.

FTB1126N1000.jpg

Jon Askeland takkar Anne Gine Hestetun og overrekkjer blomster. 

Får fleirtal med 38 av 65 mandat

Klokka 15.30 fredag 13. september signerte seks parti den politiske plattforma for korleis Vestland fylkeskommune skal styrast. Dei seks partia som skal samarbeide er Arbeidarpartiet (14 mandat), Senterpartiet (10 mandat), Miljøpartiet Dei Grøne (5 mandat), Sosialistisk Venstreparti (4 mandat), Kristeleg Folkeparti (3 mandat) og Venstre (2 mandat). Totalt har dei 38 av 65 mandat, 5 fleire enn nødvendig for å ha fleirtal.

I den underskrivne avtalen er det berre dei to toppverva som er fordelt på person. Leiar og nestleiar av dei fire hovudutvala er fordelt på parti og det blir opp til kvart enkelt parti å fordele på person:

Arbeidarpartiet skal leie tre hovudutval: Opplæring og kompetanse, samferdsel og mobilitet, og kultur, idrett og integrering. SV får nestleiaren i dei to første, mens Venstre får nestleiaren i hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Det fjerde hovudutvalet, for næring, naturressursar og innovasjon, skal leiast av Kristeleg Folkeparti, mens Senterpartiet får nestleiaren.

Fylkesutvalet

I fylkesutvalet får dei seks partia fleirtal med 10 av 17 plassar. Dei blir slik fordelt: A: 4, Sp: 2, MDG: 1, SV: 1, KrF: 1 og V: 1.

Det nye Vestland fylkesting møter for første gong i Bergen 15. og 16. oktober til konstituering.