BLI MED: 10 «vanlege» innbyggarar frå Vestland får vere med på det aller første fylkestinget 15. oktober i Håkonshallen.

Invitasjon til historisk markering for Vestland

15. oktober møter det aller første fylkestinget for Vestland fylke. Etter konstituering på Hotell Norge i Bergen, samlast fylkestinget til historisk markering i Håkonshallen. Ti plassar blir trekte ut til innbyggarar frå fylket.

Publisert 18.09.2019 av redaksjonen

10 plassar

Det er avgrensa med plass i Håkonshallen, men det er sett av ti plassar til innbyggjarane. For å fordele desse plassane må alle som er interessert i å delta sende ein e-post med namn, folkeregistrert adresse og telefon. Deretter vil dei ti plassane verte fordelt ved loddtrekning. Dei som vert trekte ut, vil få dekka reisa til og frå Bergen, så sant ein bur innanfor fylkesgrensene til nye Vestland.

Frist 25. september

– Dette vert ein kveld for historiebøkene. Difor håpar eg så mange er interessert i å få dette med seg, og å representere alle dei 630 000 innbyggjarane i det nye storfylket, seier Hestetun.

Ønskjer du å delta sjølv, eller vil du nominere nokon andre? Då skal du sende ein e-post til NVLFK.postmottak@vlfk.no, og skriv «Håkonshallen» i emnefeltet. Hugs folkeregistrert adresse og telefonnummer. Fristen for å sende inn er onsdag 25. september.

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no.