F.v. leiar i Hardangerrådet, Jostein Ljones, ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb og leiar for Sogn Regionråd, Jan Geir Solheim.

Indre Vestland på offensiven

Politikarane i Indre Vestland sette standarden, og slo fast at dei vil bli ei kraft i nye Vestland fylke på dialogmøtet på Voss 6. februar.

Publisert 07.02.2019 av Redaksjonen

– Vi i Indre Vestland skal ta ein posisjon i det nye fylket. Difor står vi her ilag. No har vi verkeleg sjansen til å ta denne regionen i bruk, sa leiar i Hardangerrådet, Jostein Ljones.

Må byggje eitt Vestland

Saman med leiar i Sogn Regionråd, Jan Geir Solheim, og ordførar i Voss, Hans-Erik Ringkjøb, var han invitert til å halde innlegg på dialogmøtet om Vestland fylkeskommune på Voss vidaregåande skule 6. februar. Dei entra scena saman og heldt eit offensivt innlegg på vegne av om lag 72 000 innbyggjarar frå Luster i nord til Odda i sør.

– Vi må byggje eitt Vestland, ikkje kjempe mot kvarandre. Vi må satse og vise det, gjerne ulike stader, men då med ulikt fokus. Vi har ulike kvalitetar i ulike stadar i det nye fylket. Vi må ha samspel om prosessar og utforme framtida ilag, sa Ringkjøb.

Dialogmøtet på Voss er det andre i ein serie på fem, der politikarane frå fellesnemnda i den nye fylkeskommunen reiser rundt for å møte og lytte til representantar frå dei ulike regionane.

Foto som syner Rune Haugsdal som snakkar til dei frammøtte på dialogmøtet på Voss 6. februar 2019. Biletet er frå bak i auditoriet og syner tilhøyrarane og Haugsdal fremst.

Prosjektleiar Rune Haugsdal oppsummerer.

Avstandane utfordrar

Skap suksess der du er, sa fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, i innleiinga si til møtet. Og dei tre representantane frå Indre Vestland er klare for nettopp det, å skape suksess i dei indre delane av regionen. Dei viste til mellom anna sidersatsinga i Hardanger og det grøne skiftet som skjer i industrien.

For å lukkast med å byggje eit nytt fylke saman, er dei opptekne av at samferdsla må leggjast til rette.

– Vi må ta innover oss at vi får store avstandar i det nye fylket. Det kjem til å utfordre oss på mange måtar. Det er viktig med eit godt samferdsletilbod, også mellom kommunane. Vi skal ha stor respekt for dei som kjempar for vegen sin, sa Jan Geir Solheim i Sogn Regionråd.

Indre Vestland-ambassadørane trekte fram riksveg 13 som særleg viktig for sin region, og meinte at ein tunnel gjennom Vikafjellet vil få det nye fylket til å hengje betre saman.

Samferdsle og infrastruktur

Nettopp samferdsle blir sett på som ei stor utfordring av mange i dei indre delane av det nye fylket. Det var før dialogmøtet sendt ut ei spørjeundersøking til kommunar, næringsliv, politikarar og andre utvalde for å kartleggje kva regionen sjølv ser på som styrkar og utfordringar. Resultatet var presentert på møtet.

Topp tre på utfordringssida var nettopp samferdsle og infrastruktur, noko også Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord trekte fram i innlegget sitt.

– Det står mykje i regional transportplan for Sogn og Fjordane om godstrafikk, men lite om reiseliv. Det er klart det må stå noko om reiseliv, å frakte folk. Vi må også samarbeide om fellesgodene og infrastruktur som toalett og søppelhandtering. Kanskje kan reiselivet bidra på driftssida når det gjeld å få på plass god infrastruktur, sa Brandshaug.

Foto som syner ein svartkledd Ståle Brandshaug i Visit Sognefjorden som held eit innlegg. Ved sidan av han har ein eit lysark, der det står tre punkt om organisering, kvalitet og rammeverk. 1. Sterkare samhandling. 2. Profesjonalisering. 3. Berekraft.

Ståle Brandshaug.

Utfordringar for Røde Kors

Ein annan som var invitert til å halde innlegg var Bjørn Arild Fjeldsbø i Odda Røde Kors. Han var blant anna oppteken av at dei frivillige må få øve i områda der turistane bevegar seg, og der dei frivillige ofte må inn og utføre redningsaksjonar.

– Vi ser at turistane går der ingen andre går, der dei ser ein veg eller ein sti på kartet. Det fører til ein kjempeauke i tal redningsaksjonar, i Hordaland har vi hatt ein auke på 100 prosent dei siste ti åra. For oss er det viktig å få øve med t.d. snøscooter i områda der turistane går, sjølv om det gjerne er verneområde eller nasjonalparkar, sa Fjeldsbø.

Han bad også politikarane jobbe for lovfesta fri frå arbeid for å delta i redningsaksjonar og full momskompensasjon for å kjøpe inn redningsutstyr.

– Kvar krone inn i frivilligheita gir mangfaldige kroner tilbake, slo Fjeldsbø fast.

Foto som syner Bjørn Arild Fjeldsbø i Odda Røde Kors. Han har ein mørkeblå gensar med Røde Kors-logo på armane. Han snakkar i ein mikrofon og har eit lysbilete om beredskap bak seg.

Bjørn Arild Fjeldsbø i Odda Røde Kors.

Engasjement i salen

Då dei inviterte innleggshaldarane hadde fått sagt sitt, var ordet fritt på Voss vidaregåande skule. Det var eit godt engasjement blant dei frammøtte, som fekk høve til å både utfordre og stille spørsmål til politikarane.

Tema strekte seg frå digitalisering, kollektivtilbod, grønt reiseliv, museum og folkemusikk som identitetsskaparar, opplæring og fritt skuleval, fylkeskommunen som utviklingsaktør for regionane, nyskaping og innovasjon, nord-sør-traseen, riksveg 13 og vintersikker riksveg 7.

Den raude tråden i innspela var samarbeid på alle område og nivå, og prosjektleiar Rune Haugsdal konkluderte med at om vi får til det, så blir Vestland fylkeskommune ei sterk kraft i vest.

Foto som syner politikarane som deltok på dialogmøtet på Voss 6. februar. Dei sit ved eit bord fremst i auditoriet og noterer og følgjer med på salen. F.v. Jenny Følling, Trude Brosvik, Bjørn Hollevik, Pål Kårbø, Silje Ekehaug Bjørkly, Terje Søviknes.

F.v. Jenny Følling, Trude Brosvik, Bjørn Hollevik, Pål Kårbø, Silje Ekehaug Bjørkly, Terje Søviknes.