Øygarden kommune - Vetenbua

Vetenbua Dagsturhytte står på toppen av Veten, i gamle Sund. Med 360 graders utsikt i alle himmelretningar har du heile søre Øygarden for dine føter!

Dagsturhytta Vetenbu med utsikt mot sjø og landskap i bakgrunnen.
VETENBU: Dagsturhytta på Veten i Øygarden opna i september 2023. (Foto: Øygarden kommune)

Tilkomst og parkering

Parkeringa for turen til Dagsturhytta er på Stranda skule. Skal du gå frå Førde eller ei av dei mange andre stiane i området går buss nr 454 og 455 frå Skogsskiftet høvesvis langs aust- og vestsida av fjellet. 450 Frå Straume terminal stoppar på Skogsskiftet. 

Stien til hytta

Det går sti til Veten i frå dei fleste tettstadar i gamle Sund. Ein kan gå over fjellet, fram og tilbake same veg eller ta korte og lengre rundturar.

Du kan gå direkte til toppen på Veten frå Vorland, Stranda, Hamre, Høyland eller Førde.  Du kan gå vidare til Veten frå Kleppaksla tursti med start i Kleppe, eller du kan gå via Vorlandstuva, Brattfjell ellar Randifjell frå Eide, Vorland, Førdesdalen ellar Skogsskiftet.

Den mest brukte turstien til Veten går mellom Førde og Stranda. I Førde er det svært avgrensa med parkering, men ei fin og slak sti. Frå Stranda er det god parkering, men deler av stien kan opplevast litt bratt for nokon.

Frå Stranda startar stien ved bassenget (bygning på venstre side før stien). Nokre 100 meter innover grusvegen kjem du til «Gitaren», ei scene og møteplass som inngår i kulturløypa «ord i spreke spor», inspirert av kyst-trubaduren Johannes Kleppevik. Følg sti og skilting mot dagsturhytta vidare. Ved stiskiljete mot Storevarden fortset stien rett fram gjennom Vetadalen. Dagsturhytta finn du like før du kjem til toppen, ved minnesmerket for flystyrten i 1948. 

Avstandar

Lengda på løypa varierer frå dei ulike startpunkta. Frå Stranda skole 50 min/2,2 km. Frå Førde 45 min/2 km. Frå Kleppaksla 60 min/3 km, Frå Vorland 60 min/2,9 km.