Vetehytta - Bremanger

Dagsturhytta i Bremanger ligg på Veten med utsikt ut over storhavet.

Bilde av ei dagsturhytte i karrig landskap med mykje steinar rundt.
Dagsturhytta i Bremanger, Vetehytta. Foto: Magnar Egil Øren Gangsø.

Tilkomst og parkering

Kjør fv. 616 og ta av der skilt er merka til Grotle. Følg denne vegen til enden og parker ved Grotlesanden. Stien starter ved naustrekkja og vidare til steingard og grind til utmarka. Stien er ikkje merka, men er svært tydeleg i terrenget heile vegen.

Stien til hytta

Når du passerer grinda i steingarden, starter du på den første stigninga som går jamt bratt oppover på steinsti til Grolsdalen/Grotlesdalen ca. 300 moh. Nesten oppe må du forbi eit litt luftig område. Etter elva flatar stien ut over ei myr på ca. 500 meter. Det kan vere vått i dette området. Her starter neste stigning. Stien er no meir grus og gras. Det er jamt bratt oppover til om lag 500 moh. Igjen flatar stien ut og går over ei fin grasflate til det er om lag 500 meter igjen til toppen, då det kjem ei lita stigning før mål.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 520 meter. Turen opp tek om lag to timar i moderat tempo. Turen er 4,3 km kvar veg. 

Den raskaste i Vetenløpet brukar 25 min frå Grotle til Vetenhytta!