Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane) gler seg til å presentere vegvala og visjonane for Vestland saman med resten av fellesnemndas arbeidsutval. Framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal kjem også.
I gang med dialogmøte om det nye fylket
Tre av fem dialogmøte om det nye fylket er vel gjennomførte. Politikarane har møtt lokale politikarar og andre for å presentere Vestland og for å få innspel til vegen vidare. Dei to siste møta blir i Førde og på Stord.
Publisert 14.01.2019 av Redaksjonen
– Det viktigaste målet med møta er at dei skal vere ein open post der vi vil ha innspel frå alle som har noko på hjartet, og som vil påverke vegvala for den nye fylkeskommunen sitt arbeid med samfunnsutviklinga, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane), som deltek på møta saman med dei andre politikarane frå fellesnemnda sitt arbeidsutval.
Stort engasjement
Og møta som har vore i Bergen, på Voss og i Gulen har vore nettopp det. Ein open post, der politikarar, ungdomar representantar frå næringsliv og frivilligheita har kome med engasjerte innlegg og ambisjonar for det nye fylket. Samhandling, infrastruktur, identitet, by og bygd, skuleval, næringsutvikling og å spele på lag er ord og uttrykk som har gått att.
Rapportar frå dei gjennomførte møta:
- Bergen: Samhandling må stå i sentrum
- Voss: Indre Vestland på offensiven
- Gulen: Grenselaust engasjement
Dei to siste møta vert i Førde 26. mars og på Stord 29. april.
Regional planstrategi
Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i heile det nye fylket. Innspela skal inn i eit samla utfordringsdokument for Vestland fylke, som skal liggje til grunn for den nye regionale planstrategien.
Vestland sin regionale planstrategi vil bli heilt sentral for aktivitetane i fylkeskommunen.
Fakta og innspel
Framtidig rådmann Rune Haugsdal deltek også på møta og orienterer om korleis den nye fylkeskommunen vil bli organisert.
Eit av temaa på møta er fakta om utviklingstrekk i regionen og resultat av spørjeundersøking om utfordringar. Frå kommunane kjem det innlegg med innspel om kva som er dei viktigaste tema for felles satsingar framover.
Alle kan kome
Eit føremål med møta er at folk kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utviklingsstrategi for fylket. Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket.
Møta er opne for alle, men representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar vert invitert spesielt, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen.
Program, tid og stad for møta
(Teksten blir oppdatert med detaljert program for Førde og Stord.)
Bergen 4. februar
Program
Møteleiar: Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune
16.30 – 17.00: Kaffi og matbit
17.00 – 17.25: På veg mot Vestland fylke.
- Velkomen til dialog – visjonar for eit sterkt Vestland ved Anne Gine Hestetun, leiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Hordaland og Jenny Følling, nestleiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Presentasjon (pdf)
- Slik blir Vestland fylkeskommune organisert ved Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune. Presentasjon (pdf)
17.25 – 18.40: Utfordringar i regionen
- Rapport med fakta om regionen og resultat frå spørjeundersøking ved Martin Tvedt, spesialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune. Presentasjon (pdf)
- Viktige felles utfordringar i regionen slik vi ser det ved Harald Schjelderup, byrådsleder i Bergen og daglig leiar Bergensalliansen; Kari-Anne Landro, leiar av Regionrådet Vest og ordførar i Sund kommune; Marit Warncke, adm. direktør Bergen Næringsråd; Charlotte Spurkeland, dagleg leiar Kultur Vest.
18.40 – 19.00: Beinstrekk og forfriskningar
19.00 – 20.00: Innspel om utfordringar for Vestland fylke
- Ordet er fritt – innspel til nytt fylke
- Oppsummering – dette tar vi med oss inn i Vestland fylke.
Møtet er ope for alle, men spesielt inviterte er:
- Regionrådet Vest
- kommunar i Bergensalliansen
- kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Øygarden, Sund, Os, Fusa, Samnanger, Vaksdal
Møtestad: Amalie Skram vidaregåande skule, møterom Hans Tank (opp trappa ved AdO Arena)
Tid: 17.00 – 20.00 (Kaffi og matbit frå 16.30)
Ingen påmelding, men vis gjerne interesse på facebook-eventen
Voss 6. februar
Program
Møteleiar: Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune
16.30 – 17.00: Kaffi og matbit
17.00 – 17.25: På veg mot Vestland fylke.
- Velkomen til dialog – visjonar for eit sterkt Vestland ved Anne Gine Hestetun, leiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Hordaland og Jenny Følling, nestleiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Presentasjon (pdf)
- Slik blir Vestland fylkeskommune organisert ved Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune. Presentasjon (pdf)
17.25 – 18.40: Utfordringar i regionen
- Rapport med fakta om regionen og resultat frå spørjeundersøking ved Martin Tvedt, spesialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune. Presentasjon (pdf)
- Viktige felles utfordringar i regionen slik vi ser det ved Jan Geir Solheim, Sogn regionråd; Jostein Ljones, Hardangerrådet; Hans-Erik Ringkjøb, Voss kommune; Ståle Brandshaug, Visit Sognefjord og Bjørn Arild Fjeldsbø, adminstrativ leiar Odda Røde Kors.
18.40 – 19.00: Beinstrekk og forfriskningar
19.00 – 20.00: Innspel om utfordringar for Vestland fylke
- Ordet er fritt – innspel til nytt fylke
- Oppsummering – dette tar vi med oss inn i Vestland fylke.
Målgruppe, tid og stad
Møtet er ope for alle, men spesielt inviterte er:
- Hardangerrådet
- Sogn regionråd
- kommunane Voss , Lærdal, Årdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Høyanger, Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal, Kvam
Møtestad: Voss vidaregåande skule, Skulestadmo, Auditoriet
Tid: 17.00 – 20.00 (Kaffi og matbit frå 16.30)
Ingen påmelding, men vis gjerne interesse for facebook-eventen.
Gulen 7. februar
Program
Møteleiar: Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune
16.30 – 17.00: Kaffi og matbit
17.00 – 17.25: På veg mot Vestland fylke.
- Velkomen til dialog – visjonar for eit sterkt Vestland ved Anne Gine Hestetun, leiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Hordaland og Jenny Følling, nestleiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Presentasjon (pdf)
- Slik blir Vestland fylkeskommune organisert ved Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune. Presentasjon (pdf)
17.25 – 18.40: Utfordringar i regionen
- Rapport med fakta om regionen og resultat frå spørjeundersøking ved Martin Tvedt, spesialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune. Presentasjon (pdf)
- Viktige felles utfordringar i regionen slik vi ser det ved Karstein Totland, leiar Regionrådet i Nordhordland og ordførar i Masfjorden, Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland næringslag, Gunhild Berge Stang, leiar Regionrådet i HAFS og ordførar i Fjaler og Inger Johanne Osland, administrerande direktør, Haugaland rehabiliteringssenter AS.
18.40 – 19.00: Beinstrekk og forfriskningar
19.00 – 20.00: Innspel om utfordringar for Vestland fylke
- Ordet er fritt – innspel til nytt fylke
- Oppsummering – dette tar vi med oss inn i Vestland fylke.
Målgruppe
Møtet er ope for alle, men desse er spesielt invitert:
- Regionrådet Nordhordland
- HAFS
- kommunane Hyllestad, Solund, Askvoll, Fjaler, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Radøy, Lindås, Meland, Osterøy
Tid og stad
Møtestad: Sløvåg, Vidsyn Hotell
Tid: 17.00 – 20.00 (Kaffi og matbit frå 16.30)
Ingen påmelding, men vis gjerne interesse for facebook-eventen
Førde 26. mars
• Samarbeidsforum i Sunnfjord
• Nordfjordrådet
Selje, Eid, Vågsøy, Flora, Bremanger, Stryn, Gloppen, Gaular, Førde, Jølster, Naustdal
Møtestad: Øyrane vidaregåande skule
Tid: 17.00 – 20.00 (Kaffi og matbit frå 16.30)
Ingen påmelding, men vis gjerne interesse for facebook-eventen.
Stord 29. april
• Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Sveio, Bømlo, Etne, Austevoll, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad
Møtestad: Stord vidaregåande skule, Saghaugen, konsertsalen
Tid: 17.00 – 20.00 (Kaffi og matbit frå 16.30)
Ingen påmelding, men vis gjerne interesse for facebook-eventen.
Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no.