HR-direktør Geir Davidsen gjer ein formidabel jobb, seier Ingrid Holm Svendsen, konstituert fylkesrådmann i Hordaland. Her er Davidsen (ståande) i møte om fylkessamanslåinga.

Hordalands HR-direktør nominert til Årets kommuneprofil

– Eg? Eg er berre ein smålåten bergensar, seier HR-direktør Geir Davidsen i Hordaland fylkeskommune etter at han er nominert til  Årets kommuneprofil 2018, for arbeidet han gjer med fylkessamanslåinga.

Publisert 29.11.2018 av Redaksjonen

Kvart år kårar Kommunal Rapport ein politisk, administrativ og fagleg leiar i kommunar, fylkeskommunar og kommunale selskap som har utmerka seg i løpet av det siste året, og gjerne over flere år.

Davidsen, er saman med fem andre kandidatar, nominert til prisen. I grunngjevinga heiter det at han gjer ein formidabel jobb, i følgje både leiing og tilsette, i den store samanslåinga der Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli ein ny organisasjon frå 2020: Vestland fylkeskommune.

– Det var overraskande og svært hyggeleg, seier Davidsen i ein kommentar til Kommunal Rapport.

Vil du stemme på Geir Davidsen? Send kodeord PROFIL 3 til nr 2377. Kvar stemme koster 3 kroner.

Svært godt skussmål

Han får svært godt skussmål. Leiing og tillitsvalde i både Hordaland og Sogn og Fjordane framhevar Davidsen for innsats utanom det vanlege.

–  Han er raus, real og rettferdig, rett fram, løysingsorientert og utruleg kunnskapsrik. Han har vore personalsjef og HR-direktør i Hordaland fylkeskommune i 23 år og har jobba 40 år i offentleg sektor. Men sjølv etter så mange år har han bevart nysgjerrigheiten og evner å tenke nytt, seier konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen.

I samanslåingsprosessen samarbeider han tett med personalsjefen i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Toril Einarsen.

– Davidsen er meir opptatt av menneske enn detaljar i prosessane. Hans personlegheit og veremåte er som oljen i organisasjonsmaskineriet. Han har stor omsorg for medarbeidarane og inngir tryggleikt. Med entusiasme får han folk med seg, på å jobbe saman mot eit felles mål, seier Einarsen.

Vil dei tilsette vel

Rune Stadsnes, hovudtillitsvalt for Unio, seier Davidsen har gode relasjonar til dei tilsette.
– Sjølv når det er vanskelege avgjersler som skal takast, oppfattast han som ein som vil dei tilsette vel. Han lyttar og kan endre meining når det er gode argument for det, seier Stadsnes som spesielt framhevar jobben Davidsen og staben hans gjorde saman med dei tillitsvalde for å omplassere 80 overtallege lærarar i år.

Leiarskap utanom det vanlege

Med kåringa av Årets kommuneprofil ønskjer Kommunal Rapport å gi spesiell merksemd til det positive som skjer i kommunesektoren og personane som står i spissen for dette.

Han eller ho må ha vist leiarskap utanom det vanlege. Leiarane må ha bidratt spesielt til å utvikle tenestene, lokaldemokratiet eller lokalsamfunnet. Konkret kan dei til dømes ha oppnådd spesielt gode resultat, innført innovative løysingar eller arbeidsmåtar, takla ein vanskeleg situasjon godt, starta ein viktig debatt, styrka omdømme for organisasjonen eller oppnådd politisk gjennomslag nasjonalt

Bli med og stem!

Vinnaren blir kåra gjennom avstemming via tekstmelding. Ønskjer du å stemme på Geir Davidsen, sender du PROFIL 3 til 2377. Kvar stemme koster tre kroner.

Avstemminga blir avslutta torsdag 6. desember kl. 14.00. Fredag 7. desember blir vinnaren offentleg på nettsida til Kommunal Rapport.

Les meir om nominasjonen av Geir Davidsen

Presentasjon av dei seks nominerte kandidatane