FYLKESTINGA I HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE:700 år etter det siste Gulating i Gulen møttest dei som bestemmer på Vestlandet atter på den historiske Gulatingsstaden til symbolsk markering av den nye Vestlandsregionen.

Historisk dag på historisk plass

– Dette er ein historisk dag, og vi er på ein historisk plass, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun. For første gong sidan 1300-talet var dei som bestemmer på Vestlandet atter samla på Gulatinget.

Publisert 30.10.2017 av Redaksjonen

Dei 88 politikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkesting markerte samanslåinga av dei to fylka til Vestlandet fylkeskommune. Med trompetfanfare av Are Ovesen vart politikarane ønskt velkomne til tingstaden, men denne gongen utan sverd, brynje og skjold.

– Kjære gode venner av Vestlandet, helsa Anne Gine Hestetun dei frammøtte. – Vi har gjort eit historisk vedtak i begge fylkestinga. Vi har stadfesta intensjonsavtalen. Dette er første milepåle i å gjennomføre samanslåing. Det er no jobben byrjar.


Dei to fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling skreiv under på Gulatingsprotokollen om det historiske møtet mellom de to fylkestinga. Anne Hopland (bak) er dagleg leiar av Gulatingsstaden.

Bygge i fellesskap

Fylkesordføraren strålte og sa at det har vore ein utruleg fin dag.

– Vi skal i fellesskap bygge eit godt Vestland tufta på demokrati, samfunnsutvikling og god tenesteyting til innbyggarane og næringslivet. Dette skal vi få til. Eg skal gjere mitt aller beste for at den vidare prosessen skal bli tenleg for by og land.

Hestetun var sentral i gjennomføringa av OL på Lillehammer i 1994 og siterte visjonen frå den gongen.

– Dei sa at det ikkje let seg gjere, men vi gjorde det. Det er ikkje tvil om at vi skal skape ein slagkraftig og god region. Vi har gode føresetnader for å lukkast, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.


Dei to historiske underskriftene frå det historiske møtet.

Nytt og sterkt vestlandsfylke

Fylkesordførar Jenny Følling vil og ha eit nytt og sterkt vestlandsfylke.

– Vi er på historisk grunn der dei første lovene i Norden vart utforma. Men vi er og i gang med nybrottsarbeid. Vi skal bygge ein sterkare og meir slagkraftig vestlandsregion, sa Følling.

Sigrid Moldestad var konferansier under kulturprogrammet med kunstnarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane til ære for dei to fylkestinga. Annika Beinnes song Solveigs sang med pianoakkompagnement av Jon Kristian Bye. At Stortinget i juni vedtok å slå saman dei to fylka vart symbolsk markert ved at dei to fylkesordførarane signerte Gulatingsprotokollen.


Sigrid Moldestad var konferansier under kulturprogrammet på Gulatinget og siterte frå gulatingslova.

Folk og lynne

Karl Seglem underheldt på saksofon og bukkehorn saman med Håkon Høgemo på fele, mens Fridtjov Urdal på ein svært folkeleg og morosam måte skildra folk og lynne på Vestlandet.

– Det er ikkje strilen som bestemmer at han er stril. Det gjer bergensaren, sa Urdal.

Gruppa «9 grader nord» avslutta dei musikalske innslaga med flotte rytmer. Til slutt allsong med «Fagert er landet».


Friske rytmer frå «9 grader nord» med Jakob Sisselson Hamre perkusjon, Mira Thiruchelvam fløyte, Dipha Thiruchelvam gitar og Jakob Sønnesyn bass. Dei har base i Bergen.

Tingveg og tinghelle

Gulatinget vart halde årleg i Gulen frå år 900, kanskje før det, og til 1300-talet. 27. august 2005 vart gulatingsstaden offisielt opna. Bergenskunstnar Bård Breivik laga tingveggen, 22 steinar på høgkant og tinghella, ein stor stein på 10 gonger 20 meter skoren ut av eitt stykke.


Annika Beinnes song Solveigs sang frå Peer Gynt med tekst av Henrik Ibsen og melodi av Edvard Grieg. Jon Kristian Bye på piano.


Karl Seglem underheldt på saksofon saman med Håkon Høgemo på fele.


Fridtjov Urdal kåserte om folk og lynne på Vestlandet.


Dei to fylkestinga koste seg på Gulatinget.

Denne artikkelen er tidlegare publisert på hfk.no