Fjord, fjell, kyst og natur generelt er populære tema som går att, men òg andre kreative forslag har kome inn.

Her er nokre av forslaga til nytt fylkesvåpen

Med to veker att til fristen går ut, har innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane sendt inn over 250 forslag til nytt fylkesvåpen. Vi ønskjer framleis fleire forslag. Slepp kreativiteten laus!

Publisert 07.06.2018 av redaksjonen

– Vi er glade for alle innspela som har kome inn så langt, og ser fram til å sjå kva meir som kjem. Vi håper særleg på mange kreative innspel med variasjon i farge og motiv, seier Ole Vegard Skauge, koordinator for fylkesvåpenkampanjen.

Natur, kultur og daglegliv

Av dei innkomne forslaga er forslag knytt til motivgruppa natur og landskap i klårt fleirtal. I denne motivgruppa er det spesielt fjord og fjell i ulike kombinasjonar som går att i mange av forslaga. Ein del forslag tek òg utgangspunkt i kystlinja til det nye fylket, og let den dele våpenskjoldet slik at det får ei landside og ei kystside.

I motivgruppa kultur og historie er det fleire framlegg knytt til vikingar, og forslag knytt til Gulatinget. Medan det i motivgruppa daglegliv/anna er fleire forslag knytt til vêret, som til dømes regndråpar og paraplyar, noko som jo er ein vesentleg del av dagleglivet her på vestlandet.

Nettrøysting over sommaren

Innspelskonkurransen har frist 20. juni. Difor er det framleis god tid til å sende inn fleire forslag som kan vere med og inspirere det nye fylkesvåpenet.

Etter at alle forslaga er sett gjennom og sortert, vil ein fagjury og ein folkejury plukke ut ti forslag kvar. Desse vert lagde ut til nettrøysting for å finne folkefavoritten, og blir tekne med til inspirasjon i ein designkonkurranse til hausten.

Det er til slutt fylkestingpolitikarane i dei to fylka som saman vedtek det nye fylkesvåpenet.

Her finn du alt du treng å vite for å sende inn din idé til nytt fylkesvåpen (frist 20. juni!)