Her er innstillinga til fylkesvåpen

Vestland er eitt steg nærare fylkesvåpen, etter at ein fagkomité har vurdert forslag frå fem designbyrå. 19 forslag er laga, og fire er vurdert som eigna. Komiteen tilrår eit forslag som speglar det klassiske, vestnorske fjordlandskapet.

Dei fem designbyråa har sendt inn eit forslag kvar med motiva fjordar, veband og energi. Tre av byråa har i tillegg sendt inn eit fritt forslag. Fagkomiteen har gjort ei fagleg vurdering av alle forslaga frå byråa, saman med «folkefavoritten» som vart kåra etter ei nettrøysting i haust.

Designbyråa og fagkomiteen har  brukt  forslaga som kom inn frå innbyggjarane som inspirasjon i prosessen.

Politikarane avgjer

Blant dei 19 innkomne forslaga frå byråa, pluss folkefavoritten, vurderer fagkomiteen tre forslag som godt egna og eitt som eigna til å bli nytt fylkesvåpen. Det dei synes er best eigna har fjordmotiv, og er det dei har tilrådd. I saksframlegget som er sendt til politikarane, kan du lese meir om prosessen mot nytt fylkesvåpen, om forslaga frå designbyråa, om fagkomiteen sine vurderingar og prosjektleiar si tilråding.

Fellesnemnda vedtok 14. desember at dei ønskjer meir tid og fleire alternative forslag til motiv og fargar før dei tar endeleg stilling til val av fylkesvåpen. Les meir om den vidare prosessen i saksframlegget til fellesnemnda sitt arbeidsutval 4. februar 2019.

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane skal gjere det endeleg vedtaket om nytt fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Det vil truleg skje i juni 2019.

Dei tre godt eigna forslaga, og det eine eigna forslaget, er vurdert og rangert slik av fagkomitéen:

1. (Tilrådd.) Forslaget framstiller det vestnorske fjordlandskapet. Fagkomiteen skriv at det har ein god form og er eit enkelt, men sterkt våpen. Det er eit klassisk heraldisk motiv med historiske røter, samstundes om det er moderne. Fargebruken er tilpassa motivet, og det grøne gjev gode assosiasjonar til det velkjende frodige landskapet på Vestlandet.

2. (Godt eigna.) Fagkomiteen meiner dette forslaget er ei god tolking av bølgjer og vind. Komposisjonen er godt balansert, og motivet er enkelt og attkjenneleg med rørsler. Fargane understrekar bølgjer, vind og energi.

3. (Godt eigna.) Fagkomiteen meiner dette forslaget er ei fin stillisering av kystlina i det nye vestlandsfylket. Det har ein balanse, utan å bli for symmetrisk, og motivet er tidlaust og lett å forklare.

4. (Eigna.) Motivet er ein god ide og har ei viss rørsle. Fargevalet gjev meining saman med motivet, med dei grøne liene som omgjev fossane.

Her kan du sjå alle forslaga som fagkomiteen har vurdert: Oversikt over fylkesvåpen i designkonkurransen (pdf)