LOKALE MOTIV: Over fylkesvåpenet er ein bokstav frå ein av dei handskrivne tekstene til Gulatingslova. Denne er meint å symbolisere Gulatingslova og Gulating, og såleis starten på demokratiet i Noreg

Her er fylkesordførarkjeda til Vestland

16 motiv frå heile Vestland dannar den rykande ferske fylkesordførarkjeda som den nye fylkesordføraren får overrekt i Håkonshallen tysdag kveld. Motiva er nøye valde. Her skal det vere noko som alle kan kjenne seg igjen i. Her er alt frå fjordhest og sild, til Bryggen og bru …og ein QR-kode.

Publisert 14.10.2019 av Redaksjonen

For komiteen som har hatt ansvar for fylkesordførarkjeda, har det vore viktig at det skal vere ei kjede som alle i Vestland fylkeskommune kan vere stolte av. Motiva i kjeda skal vere samlande og representere den nye fylkeskommunen på ein god måte. Symbola skal representere historie, næringsliv, natur og miljø i både fortid, samtid og framtid. Blant symbola er Gulatinget, helleristningar, Urnes stavkyrkje, steinkross og andre element frå Vestland.

Dette er symbola på fylkesordførarkjeda, på biletet sett frå venstre, litt over midten:

  • QR-kode
  • helleristning (hjort)
  • steinkors
  • Urnesportalen
  • fjordhest
  • sild (i stim)
  • jekt
  • Bryggen
  • bru
  • turbin
  • hardingfele
  • eple
  • friluftsliv (skiløpar)
  • tunnel
  • drope

Nedst på kjeda, over fylkesvåpenet, er ein bokstav «þ» frå ein av dei handskrivne tekstene til Gulatingslova. Denne er meint å symbolisere Gulatingslova og Gulatinget, og såleis starten på demokratiet i Noreg. Orda «þat er fyst» («det er fyrst») innleiar kapittelet om mannhelg, det vil seie rettsvern mot overgrep på liv, legeme eller ære.

På den delen av kjeda, som vil dekke ryggen til den som ber det, er det sju mindre symbol – som er kopiar av sju større symbol i front. Det 8. mindre symbolet på ryggen er ei QR-kode, som representerer den teknologiske tida vi lever i. Det er mogleg å scanne QR-koda for å lese om prosess og bakgrunn for fylkesordførarkjeda på vlfk.no.

Komiteen har vore samansett av

  • Folkevalde: Benthe Bondhus, Nils Marton Aadland, Bjørn Erik Hollevik og Åshild Johanne Høivik Kjelsnes.
  • Administrasjonen: Ronny Skaar (Hordaland fylkeskommune) og Ingebjørg Erikstad (Sogn og Fjordane fylkeskommune)
  • Prosjektleiar: Marianne Ose Askvik (Hordaland fylkeskommune)

Prosessen bak

Val av profesjonelle kunsthandverkarar/designarar vart gjennomført gjennom ei prekvalifisering. Målet med denne prekvalifiseringa var å finne kandidatar til ei lukka konkurranse eller direkte oppdrag. Det var to kandidatar som meldte si interesse innan fristen og komiteen gav direkteoppdraget til ein av desse; Fjordsylv AS i Vik. Sylvsmed Knut Mykkeltvedt meldte i si interesse at han ønskte å samarbeide med biletkunstnar Åse Bjørnestad Dale i Aurland om oppgåva.

– Komiteen har hatt gode diskusjonar på dei fire møta vi har hatt. Det ferdige resultatet av fylkesordførarkjeda er samrøystes vedteke, seier prosjektleiar Marianne Ose Askvik.

Motiva på fylkesordførarkjeda i Vestland

Gulating:
Gulatinget var det største lagtinget i Norge frå 900 til 1300. Lovområdet femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres. Tinget var ein politisk forsamling med lovgjevande, utøvande og dømmande makt. I Eivindvik finn vi den autentiske tingstaden, der den anglikanske krossen frå 900 talet markerer plassen der Gulatinget først var samla.

Gulatingsloven er den eldste av landskapslovane i Noreg, og den eldste bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa.

Denne vakkert ornamenterte utgåva av bokstaven Þ, er henta frå eit av handskrifta til Gulatingslova, frå innleiinga til Mannhelgbolken (bolk nr.11). Denne bolka utgjer ein vesentleg del av heile den eldre Gulatingslova, og inneheld det ein i dag vil kalle straffe- og erstatningsrettsreglar. Bokstaven heiter þurs, og er henta frå setningen som i dag villa ha hatt tydinga: «Det er fyrst..»

Helleristningar:

Helleristningar finn vi på fjell og svaberg mange stader i regionen. Dei viser bilete av menneske, dyr, gjenstandar og abstrakte symbol, som oftast høgde i fjellet. Dei eldste motiva, veideristingane, kan vera 7000 år gamle. Dei viser bilete av dei dyra menneska jakta på. Den smekre hjorten var eitt av desse.

Urnesportalen:

Urnes stavkyrkje er eitt av fire norske kulturminne på UNESCO si liste over dei fremste kulturminna i verda, og står i ei særstilling i norsk kulturhistorie. Ho er bygd i 1130, og er rekna som den eldste av dei norske stavkyrkjene.

Dei kjende utskjeringane på nordveggen er truleg frå midten av 1000-talet, og kan stamma frå ei endå eldre kyrkje. Urnesstilen er kjend frå Storbritannia og fleire stader i Norden, til dømes på papir og i stein, men det er berre på Urnes vi finn utføring i tre dimensjonar; djupe relieff prega av detaljrik og elegant treskjering av ypparste kvalitet. Sentralt i utskjeringane står «det store dyret», attgjeve med smale ekstremiteter, lang hals og eit smekkert hovude.

Steinkross:

Langs Vestlandskysten står det fleire høge, frittståande steinkrossar. Sjølv om det fleire stader her i landet er funne mindre steinkrossar nytta som gravkrossar, er dette den einaste regionen i landet med dei høge, frittståande krossane.

Krossane finst innafor det som i mellomalderen var Sygnafylket, Firdafylket, Hordafylket og Rygjafylket, og det opphavlege lovområdet til Gulatinget. Dette var også kjerneområdet til Håkon den gode på 900-talet. Etableringa av Gulatinget omtrent samtidig har vorte sett i samanheng med Håkon den godes forsøk på å konsolidere makta på Vestlandet, og han var truleg den første kongen som forsøkte å innføre kristendommen i Noreg. Eivindvik er ein av stadene som peikar seg sterkast ut. Her står det to større steinkrossar, begge hogne i Hyllestad i Ytre Sogn.

Fjording:

Fjordhest, eller fjording, er ei norsk hesterase med sterke røter på Vestlandet. Den vert rekna som ein av dei eldste hesterasene i verda. Fjordhesten har blitt brukt som gardshest på Vestlandet i lang tid. Hesten var viktig i landbruket på Vestlandet fram til traktoren tok over ei tid etter andre verdskrig.

Sild:

Sildefisket har skapt vekst og utvikling, særleg på Vestlandet. Sild er ein viktig matfisk som har gjeve grunnlag for framvekst av næringsliv, tettstader og byer langs kysten vår. Silda har, ikkje utan grunn, fått tilnamnet «havets sølv».

Jekt:

Jekter var gjennom 400-500 år føringsbåtar og sambandsledd for folket på kysten. Det var utstrekt jektefart i fjordane på Vestlandet, både nord og sør for Bergen, og mellom Vestlandet og Nord-Norge. Jektefarten var livsnerva langs kysten, for frakt av handelsvarer, fisk, landbruksprodukt og folk.

Bygging av jekter og båtar var ein viktig næring langs heile Vestlandskysten. Jektene vart klinkbygde, på tradisjonelt vis, etter lokale handverkstradisjonar og på grunnlag av båtbyggjaren si erfaring og kunnskap, utan teikningar eller modeller.

Bryggen:

Bryggen i Bergen omfattar dei gamle trehusa på austsida av Vågen med byggeplan og hus frå både førhanseatisk og hanseatisk tid. Til Bryggen reknast i dag eit område på om lag 13 dekar med 61 freda bygningar. Bryggen i Bergen er, saman med Urnes, eit av fire norske kulturminne på UNESCO si verdsarvsliste.

Bryggen var staden for utveksling av norske produkt som fisk og fiskeprodukt og varer frå jord-, skog- og februk, med utanlandske varer som korn, malt, mel, øl m.m. Dette gjorde Bergen til den viktigaste byen i det gamle norske riket, og til ein internasjonal by med eit aukande tal engelskmenn, skottar, hollendarar m.v. Tyske kjøpmenn slo seg etter kvart ned på Bryggen. Frå ca 1350 vart Bergen knutepunktet for den hanseatiske handelsverksemda i Norge.

Bru:

Bruene binder Vestland saman. Loftesnesbrua står som eit symbol for dette. Ei vakker bru kan ligga som eit smykke i landskapet. Brua og vegen minner oss om det harde arbeidet og den store ingeniørkunsten som ligg bak den krevjande utviklinga av samferdsla i fylket vårt.

Turbin:

Vasskrafta skapte grunnlaget for industrialiseringa av Norge. Vasskraft frå Vestlandet har medverka til å modernisera og bygga landet vårt. Turbinen omdannar den mektige krafta i styrtande vatn til rein elektrisk kraft som blir fordelt til husvære, verksemder og industri i inn- og utland. Krafta skapar verdiar som gjennom meir enn 150 år har medverka til utvikling av samfunns- og kvardagsliv, til gagn for alle.

Hardingfele

Kunst- og kulturlivet er rikt og blømande i Vestland. Hardingfela fekk si form i Hardanger på 1600-tallet, truleg ved ei gradvis utvikling frå eldre norske strykeinstrument og den europeiske fiolinen.

Hardingfela kan ha to til seks understrengar som kling med i spelet. Dette skapar den særeigne klangen i instrumentet. Felemakarane var eineståande handverkarar med store kunnskapar om materialet, spelet, og ornamenteringa. Hardingfelene er ofte rikt utsmykka med sirlege dekorasjonar. Hardingfela vart tidleg populær på Vestlandet og spreidde seg snart til andre landsdelar. I dag er hardingfela eit av dei viktigaste instrumenta i norsk folkemusikk.

Eple:

Vestland er eit kjerneområde for fruktdyrking. I dei lune, solrike bakkane som strekk seg frå fjord til fjell, dyrkast eple, pære, plomme og kirsebær i den varme, djupe jorda som ligg att etter istida. Etter tradisjonen skal det ha vore munkane, frå til dømes Lyse kloster, som tok til å dyrka frukt alt i mellomalderen. Det er først på 1800-talet at fruktdyrkinga for alvor vart ei stor næring i fjordbygdene.

Friluftsliv/skiløpar:

Vestland er prega av djupe fjordar og høge fjell. I gamal tid, som i dag, har ferdselen vore krevjande. Det var fjorden som var vegen. Til lands gjekk ferda til fots og med hest. Vinterstid var det trugar, slede og ski som måtte nyttast.

I dag ser vi på naturen vår som ei umisseleg kjelde til oppleving og kvile. Vern av naturområde som grunnlag for biologisk mangfald og eit rikt friluftsliv er føresetnaden for ei berekraftig framtid.


Tunnel
:

Der brua kryssar fjorden og elva, treng tunnelen gjennom fjella – og bind saman Vestland. Det er meir enn 1100 vegtunnelar i landet vårt, og Vestland er fylket med flest tunneler. Tunnelen tyder på hardt arbeid og sterk vilje!

Drope

Det kan regna på Vestlandet! Dei utallege regndropane er kjelda til liv og vekst, til kraft og industri. Vatn, elvar, fossar, fjordar og hav inngår i den store samanhengen som gjev vilkåra for livet; på Vestlandet og i verda.

Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, med delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, er innskrive på UNESCO si liste over verdas naturarv. Her heiter det:

Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. (…) Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

QR-koden:

Vi er i den digitale tidsalder. På universitet, høgskular, i næringsliv og i offentleg sektor finst høg kompetanse om utvikling og bruk av informasjons- og datateknologi. Vestlendingane deltek og samhandlar i kvardags- og samfunnslivet gjennom stadig betre digitale løysingar. QR-koden er symbolet på dette.

QR-kode (av Quick Response code) er ei mosaikkode som vart utvikla på byrjinga av 1990-tallet. Den er eigna til optisk lesing av data. Koden på fylkesordførarkjeda leiar på sikt til ei nettside på vlfk.no med informasjon om fylkesordførarkjeda.

Last ned høgoppløsleg bilete frå Flickr