Her er folkefavoritten

Folkefavoritten vart røysta fram i ei nettrøysting blant totalt atten finalistar. Forslaget er teikna av Jorunn Andreassen frå Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Andreassen vann folkefavorittpremien på 25 000 kroner, og vart heidra i møtet i fellesnemnda i september 2018.

Atten folkefinalistar

Innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane vart i mai 2018 inviterte til å kome med forslag til det nye fylkesvåpenet. Engasjementet var stort, med totalt 667 innsende forslag. Ein fagjury og ein folkejury valde ut ti finalistar kvar (på grunn av overlapp vart det atten finalistar), før innbyggjarane fekk røyste fram folkefavoritten. Her er dei atten forslaga folket kunne røyste på:

Sjå alle dei 667 forslaga som kom inn:

Høgoppløyseleg, 12,6 mb

Lågoppløyseleg, 5,4 mb

Dette skjer vidare

Folkefavoritten og tre forslag frå fagjuryen har vore med som inspirasjon i ein designkonkurranse i haust. Etter designkonkurransen rangerer fagkomiteen bidraga, og vil innstille til nytt fylkesvåpen. Det er til slutt politikarane i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland som saman vedtek det nye fylkesvåpenet i desember 2018.

Hovudreglar

Forslaga bør vere i samsvar med desse retningslinene:

  1. Vi skal ha eit nytt fylkesvåpen, ikkje ein kombinasjon av dei gamle.
  2. Motivet må vere samlande og representere den nye fylkeskommunen på ein god måte.
  3. Motivet må vere lett gjenkjenneleg, både i fart, på avstand og i lite format.
  4. Bruk få fargar og motiv. Helst kun éin farge, eitt motiv og eitt metall (gull/sølv).
  5. Farge bør være rein og klar, utan nyansar og sjatteringar.
  6. Motivet bør fylle skjoldflata godt, vere forenkla og utan for mykje detaljer.
  7. Fremstill motivet i rein flateteikning, utan bruk av perspektiv og skuggelegging.

Vilkår

  • Vi har ikkje plikt til å gje alle forslag individuell tilbakemelding.
  • Innleverte forslag kan verte utstilt og presentert, til dømes på nett og i sosiale media, utan ytterlegare godtgjering.
  • Forslag som ikkje er kome inn før fristen, kan verte avviste.
  • Ved tilnærma like forslag, kan utval skje ved loddtrekning.
  • Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har retten til å gjere justeringar og tilpassingar på innkomne forslag. Dette inngår som en del av prosessen, og utløyser ikkje ekstra godtgjering. Justeringar kan også gjerast i designkonkurransen, eller på anna måte som er tenleg for å utforme nytt fylkesvåpen.
  • Alle rettar til dei opp til 20 finaleforslaga, og vinnarforslaget, vert i sin heilskap overdrege til fylkeskommunane. Våpenet skal i tillegg takast i bruk som den nye fylkeskommunen sitt segl, flagg, ordførarkjede samt inngå i fylkeskommunen sitt profilprogram.

Desse er med i fagkomiteen

Arbeidsutvalet vedtok 24. april at desse fem skal vere med i fagkomiteen som skal vurdere forslaga:

  • Janne Leithe, direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • Jørn Øyrehagen Sunde, professor, jurist og rettshistorikar med heraldisk kompetanse
  • Ashley Booth, professor i visuell kommunikasjon ved Høgskulen for Kunst, Musikk og Design i Bergen
  • Oddmund Løkensgard Hoel, førsteamanuensis og språkhistorikar ved Høgskulen på Vestlandet
  • Geir Atle Ersland, UNESCO-professor ved institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen

Folkejury

Folkejuryen speglar innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei to fylkeskommunane gjekk i juni 2018 ut og ba folk melde seg sjølve eller andre til folkejuryen.

I valet av medlemmar vart det lagt vekt på at juryen skulle vere sett saman av folk i ulik alder, kjønn, og frå ulike geografiske område. Dei har heimstadadresse i eit av dei to fylka.

  • Jarle Birger Arnes, Bergen
  • Kamilla Rivedal, Askvoll
  • Kjellaug Gjerstad Norheim, Voss
  • Kristian Endal, Vågsøy
  • Marit Solveig Nedrebø, Gaular
  • Rasmus Mo, Sogndal
  • Renate Rebnord Matre, Lindås
  • Sigurd Andre Maraas, Fitjar
  • Susan H. M. Abdallah, Stord
  • Øystein Hassel, Bergen

Viktige datoar (med atterhald om endringar)

  • 20. juni: Frist for innsending av forslag
  • Veke 34: Ein fagjury og ein folkejury vel ut opp til 20 finalebidrag
  • Veke 35-36: Nettavstemming folkeprisen
  • Veke 38: Opning av designkonkurranse med minst tre designbyrå

Hjelp til korleis du kan lage eit fylkesvåpen

Her er gode nettsider om heraldikk og våpenskold som kan vere til hjelp når du skal tekne ditt forslag.

Inspirasjon og hjelp

Innblikk i kva som ligg til grunn for dei kommune- og fylkesvåpna vi har i dag. Det kan hjelpe deg med å kome med forslag til fylkesvåpen:

Lovar og reglar

Fram til 2018 var det lovkrav til korleis offisielle våpen i Norge skulle utformast. No er det opp til den enkelte kommune og fylkeskommune å vedta sitt eige våpen. Alt om det formelle finn du her: