– For 30 år sidan var det ikkje mykje her i Sløvåg, men no er det mykje – takka vere folka, sa Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Grenselaust engasjement

Det at dagens fylkesgrense forsvinn ved opprettinga av Vestland fylke, prega dialogmøtet i Sløvåg i Gulen 7. februar. Infrastruktur, skuleval, kollektivtrafikk, vindkraft og næringsutvikling var tema som gjekk att.

Publisert 08.02.2019 av Redaksjonen

– Det er kjekt å kome ut hit i Sløvåg. Vi kjenner oss litt som emissærar, som skal overtyde folk om at dette skal bli bra. Vestlandet kan bli ei politisk kraft, der vi kan snakke folket si røst. Her har vi mange flotte folk og næringsfolk som klarar å skape suksessar der dei er. For 30 år sidan var det ikkje mykje her i Sløvåg, men no er det mykje – takka vere folka, sa Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og nestleiar av fellesnemnda.

Dialogmøtet i Sløvåg er det tredje i ein serie på fem, der politikarane frå fellesnemnda i den nye fylkeskommunen reiser rundt for å møte og lytte til representantar frå dei ulike regionane. Rundt 90 personar deltok på møtet i Gulen.

– Vil ikkje ha overstyring

– Det har vore stor velvilje for samanslåing i Masfjorden og Gulen. Vi har kjent på problema med å bu på ei grense. Vi er klare til å ta imot arbeidsplassar, men vi vil ikkje ha noko overstyring, og fylket må ikkje vere ein ny fylkesmann. Det som er ein god plan i Bergen, er ikkje nødvendigvis ein god plan her, sa Karstein Totland, ordførar i Masfjorden i innlegget sitt.

Han understreka verdien av å legge infrastrukturen til rette for god industriutvikling kring Fensfjorden.

Samferdsle i sentrum


Totland sine ynske for betre vegar og bru fekk gehør hjå Solund-ordførar Gunn Mongstad. På vegen til møtet hadde ho talt over kor mange ferjeleie og båtrutestopp det er i regionen.

– Reisetida i HAFS-regionen er lang, og du kan berre køyre 20 minutt på ein europaveg i regionen vår. Vi har per i dag 14 ferjeleie i bruk, og vi er ikkje langt unna 30 båtrutestopp. Det seier noko om tilhøva. Vedtaka på samferdsle-feltet har ei utruleg kraft inn i lokalsamfunna våre, som vi er avhengige av for å byggje denne regionen, sa Mongstad.

Fleire av dei som tok ordet, peika på manglande koordinering i kollektivtransporten, og at ein i dag kan sjå bussar som køyrer frå kaia eitt minutt før ferja legg til.

Ungdom og skuleval

Vidaregåande skular og fritt skuleval var eit anna tema som både frammøtte og politikarar var opptekne av. Mange vidaregåande-elevar i Nordhordland og HAFS-området har lang reiseveg til skulane sine., For Gulen og Solund sin del, har avtalen som sikrar dei plass ved Austrheim vidaregåande skule i Hordaland vore avgjerande.

Fleire frammøtte ytra ynske om fritt skuleval på tvers av dagens fylkesgrenser. Politikarane tok signala, men gjorde samstundes greie for at problemstillinga er kompleks.

– Nokre av oss har vore litt urolege for heilt fritt skuleval frå byrjinga av. 25 prosent av elevane på vidaregåande i Sogn og Fjordane i dag er hybelbuarar. Vi vil ikkje ha fleire, sa Jenny Følling.

Leiar an i det grøne skiftet

Posisjonen Fensfjordbassenget har i næringsutviklinga var også hyppig nemnt. Baste Tveito, leiar i Nordhordland næringsråd, gjorde greie for den særs viktige utviklinga.

– Vi driftar Nordsjøen, og det er det vi kan byggje vidare på når vi skal posisjonere oss. Fensfjordbassenget er landets største industriområde, sa han.

Han la også vekt på at området leiar an i det grøne skiftet.

– Mongstad jobbar steinhardt på energigjenvinning og karbonfangst. I Skipavik har ein fått med seg store partnarar for å drive opphogging og fjerning av oljeinstallasjonar. Og ikkje minst skjer havvindrevolusjonen i Gulen. Det er ikkje miljøfiendtleg for distrikts-Noreg å byggje veg. Nærleiken til Bergen er ein attraktivitet som vi må ta vare på for å få motorane til å vekse i vår region, slo Tveito fast.

Engasjert om vindkraft

Fleire av dei frammøtte på møtet trekte fram planane om landbaserte vindmøller i Gulen og Masfjorden som noko negativt.

Politikarane tok tak i problemstillingane. Silja Bjørkly argumenterte for at det var viktig å respektere vala kommunane gjer i desse spørsmåla. Ho viste til Fitjar som hadde gode erfaringar med satsinga der. Ho meinte også at kommunane hadde reelle høve til å stoppe prosessar som NVE ønskjer velkomne.

– Øystese-vassdraget er eit godt døme. Her var mange krefter for utbygging – inkludert NVE – men departementet snudde i saka. Det syner at det lokale initiativet må vege tyngst, sa Bjørkly.

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no