Grafisk profil for samanslåingsprosessen

Vi har utvikla ein enkel grafisk profil som skal brukast til kommunikasjon om samanslåingsprosessen fram til fylka er samla. Profilen skal syte for at informasjon vert kommunisert visuelt på ein tydeleg måte og frå ein felles avsendar. Profilen må ikkje forvekslast med fylkas noverande grafiske profilar eller den komande grafiske profilen til det nye storfylket.

Typografi

Skrifttypen Arial er fonten som skal brukast i dokument, sakspapir, brev, e-post, mm.  Titlar og undertitlar skal vere i Arial Bold eller Arial Regular. Brødtekst kan innehalde Arial Regular, Italic, Bold eller Bold Italic.

Unngå utstrakt bruk av kursiv tekst og blokkbokstavar i brødteksten. For at teksten skal vere god å lese anbefaler vi at venstre marg er rett og høgre marg ujamn. Då er det lettare å orientere seg i teksten.

Fargar

Hovudfargane er nyansar av svart. Vi har også ein palett med tilleggsfargar. Dei kan brukas saman med grånyansane, men kan ikkje brukast som hovudfarge. Svart er normalt skriftfargen i alt materiell. Ved bruk av andre fargar til tekst må ein syte for god kontrast, slik at teksten blir god å lese.

Grafisk element

I profilen har vi laga eit grafisk element som illustrerer den felles kystlina til Hordaland/Sogn og Fjordane.