HUGS Å STEMME: Anne Gine Hestetun er leiar av fylkesvalnemnda og ho ser gjerne at valdeltakinga blant dei unge blir høgare enn ho har vore ved tidlegare val.

Gløymer dei unge å stemme?

Valdeltakinga blant dei unge har tradisjonelt vore låg, og men kanskje det ikkje blir slik til fylkestingsvalet for Vestland? Hugs å stemme på måndag!

Publisert 03.09.2019 av redaksjonen

Den samla valdeltakinga ved fylkestingsvalet i 2015 var på 62,1 prosent i Hordaland og 65,4 prosent i Sogn og Fjordane. På landsbasis var valdeltakinga 60,2 prosent. Men dei yngste aldersgruppene i dei to fylka ligg milevis unna denne såpass høge prosentandelen.

18 – 19 åringane i Sogn og Fjordane hadde ei oppslutning på 30,8 prosent, og faktisk den lågaste i landet for denne aldersgruppa. Hordalendingane var noko betre med 49,1 for den yngste gruppa.

Den neste aldersinndelinga gjer eit markant hopp i Sogn og Fjordane med 52,8 prosent for 20-24 åringane, mens den same gruppa i Hordaland går ned til 40,3 prosent. Om dei unge gløymer eller ikkje veit kva dei skal stemme på, er uvisst, men her finst heilt klårt eit forbetringspotensiale.

Målretta kampanje

For å få dei unge til å bruke stemmeretten sin, har Vestland, i lag med dei andre fylkeskommunane Viken, Rogaland, Innlandet, Vestfold og Telemark, laga ein kampanje retta mot dei unge. Reklamebyrået Try har produsert fem animasjonar frå dei fem ulike tenesteområda våre. Filmane blir vist på kino, på YouTube, og på Facebook, Instagram og Snapchat har vi målretta annonsar. Animasjonane rullar og går på Bybanen, skjermar på bussar og tannklinikkar. Nokre vindaugsfelt på fylkeshuset i Bergen viser dei artige figurane frå animasjonane stå på rekke og rad, klar til å stemme.

Tal frå kampanjen syner at den når ut til dei unge – så får vi bare satse på at dei strøymer på til stemmelokala for å sikre nettopp sin representant og parti til det helt nye Vestland fylkesting.

Som om fylket alt er etablert

Sjølv om Vestland formelt ikkje begynner før 1. januar 2020, skal valet gjennomførast som om fylket alt er etablert. 17 parti stiller lister til fylkestingsvalet i Vestland. Kven av dei som får flest representantar, får vi sjå, men i alt er det 65 representantar som skal fylle plassane til det nye fylkestinget.

Godt val – og hugs å stemme!