Geografi

  • Vestland får eit samla areal på 34 055 km2. Det betyr at det frå 2020 blir det 5. største fylket i landet.
  • Alle kommunane kjem til å ha kystlinje. Sogn og Fjordane har i dag to kommunar utan: Jølster, som blir slått saman med Førde, Gaular og Naustdal til Sunnfjord kommune, og Hornindal, som blir slått saman med Volda kommune (Møre og Romsdal). Alle kommunane i dagens Hordaland grensar til kysten eller til ein fjord.
  • Vestland får store fjellområde, med blant anna Jotunheimen, Breheimen og Hardangervidda. Det høgaste fjellet vert Store Skagastølstind (2405 m.o.h.) i Jotunheimen.
  • Fylket kjem til å ha dei to lengste fjordane i landet, Sognefjorden (205 km) og Hardangerfjorden (180 km).
  • Osterøy blir den største øya i Vestland med 330,16 km2.
  • Vestland får det vestlegaste punktet i fastlands-Noreg (Holmebåen utanfor Ytre Sula i Solund kommune) og på fastlandet (Vardetangen vest for Mongstad i Austrheim kommune).
Kart over Vestland fylke med kommunegrenser og namn på kommunar.

Kart over Vestland fylke med namn på kommunar etter ny inndeling frå 1.1.2020. Trykk på kartet for større versjon.