Geografi
- Vestland får eit samla areal på 34 055 km2. Det betyr at det frå 2020 blir det 5. største fylket i landet.
- Alle kommunane kjem til å ha kystlinje. Sogn og Fjordane har i dag to kommunar utan: Jølster (som blir slått saman med Førde, Gaular og Naustdal til Sunnfjord kommune) og Hornindal (som blir slått saman med Volda i Møre og Romsdal). Alle kommunane i dagens Hordaland grensar til kyst eller fjord.
- Vestland får store fjellområde, med blant anna Jotunheimen, Breheimen og Hardangervidda. Det høgaste fjellet vert Store Skagastølstind (2405 m.o.h.) i Jotunheimen.
- Fylket kjem til å ha dei to lengste fjordane i landet, Sognefjorden (205 km) og Hardangerfjorden (180 km).
- Osterøy blir den største øya i Vestland med 330,16 km2.
- Vestland får det vestlegaste punktet i fastlands-Noreg (Holmebåen utanfor Ytre Sula i Solund kommune) og på fastlandet (Vardetangen vest for Mongstad i Austrheim kommune).
Kart over Vestland fylke med namn på kommunar etter ny inndeling frå 1.1.2020. Trykk på kartet for større versjon.