Fylkestinga vedtek fylkesvåpen i juni

Politikarane skal få sjå nye alternativ til motiv før dei endeleg bestemmer seg om nytt fylkesvåpen. På møtet i fellesnemnda 14. februar la prosjektleiar Rune Haugsdal fram ein oppdatert plan for den vidare prosessen.

Etter den omfattande prosessen med open innspelsrunde, fagjury og folkejury, nettavrøysting og designkonkurranse i 2018, vedtok fellesnemnda i desember at dei ønskte meir tid og fleire alternativ før endeleg vedtak om nytt fylkesvåpen.

Arbeider med historiske motiv

Politikarane ønskte at administrasjonen skulle arbeide vidare med framlegga frå designbyråa som fagjuryen hadde innstilt på, samt nye forslag med historiske motiv. Særleg ville dei sjå motiv med utgangspunkt i felles historiske referansepunkt, som Gulatinget, St. Sunniva og Onarheimseglet.

Administrasjonen er no i gang med denne bestillinga, og er i dialog med designbyrået som vann tilbodskonkurransen i fjor. Prosjektleiar meiner særleg det er eit rikt symboltilfang knytt til Gulatinget som kan utnyttast i det vidare arbeidet.

Dette skjer vidare

  • Neste milepåle er at prosjektleiar skal leggje fram nye alternativ for fellesnemnda sitt arbeidsutval 26. mars.
  • Etter at arbeidsutvalet har drøfta og teke stilling til aktuelle vegval, skal fellesnemnda vedta si tilråding til nytt fylkesvåpen 23. mai.
  • Deretter går saka vidare til fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland, som skal gjere det endelege vedtaket når dei har møte høvesvis 4. og 12. juni 2019.
  • Fylkesvåpenet vil bli eit berande symbol for den nye fylkeskommunen som trer i kraft 1. januar 2020.

Fem designbyrå leverte forslag til fylkesvåpen

Fem designbyrå sende hausten 2018 inn eit forslag kvar med motiva fjordar, veband og energi. Tre av leverte sende i tillegg eit fritt forslag. Fagkomiteen gjorde ei fagleg vurdering av alle forslaga frå byråa, saman med «folkefavoritten» som vart kåra etter ei nettrøysting i haust. 

Designbyråa og fagkomiteen brukte forslaga som kom inn frå innbyggjarane som inspirasjon i prosessen.

Forslaga som fagkomiteen vurderte som eigna:

1. (Tilrådd.) Forslaget framstiller det vestnorske fjordlandskapet. Fagkomiteen skriv at det har ein god form og er eit enkelt, men sterkt våpen. Det er eit klassisk heraldisk motiv med historiske røter, samstundes om det er moderne. Fargebruken er tilpassa motivet, og det grøne gjev gode assosiasjonar til det velkjende frodige landskapet på Vestlandet.

2. (Godt eigna.) Fagkomiteen meiner dette forslaget er ei god tolking av bølgjer og vind. Komposisjonen er godt balansert, og motivet er enkelt og attkjenneleg med rørsler. Fargane understrekar bølgjer, vind og energi.

3. (Godt eigna.) Fagkomiteen meiner dette forslaget er ei fin stillisering av kystlina i det nye vestlandsfylket. Det har ein balanse, utan å bli for symmetrisk, og motivet er tidlaust og lett å forklare.

4. (Eigna.) Motivet er ein god ide og har ei viss rørsle. Fargevalet gjev meining saman med motivet, med dei grøne liene som omgjev fossane.

Her kan du sjå alle forslaga som fagkomiteen har vurdert: Oversikt over fylkesvåpen i designkonkurransen (pdf)