Foto: Hordaland fylkeskommune

Fylkesvåpen for Vestland skal vedtakast i juni

Politikarane skal få sjå nye alternativ til motiv før dei endeleg bestemmer seg om nytt fylkesvåpen. På møtet i fellesnemnda 14. februar la prosjektleiar Rune Haugsdal fram ein plan for den vidare prosessen.

Publisert 14.02.2019 av Redaksjonen

Etter den omfattande prosessen med open innspelsrunde, fagjury og folkejury, nettavrøysting og designkonkurranse i 2018, vedtok fellesnemnda i desember at dei ønskte meir tid og fleire alternativ før endeleg vedtak om nytt fylkesvåpen.

Arbeider med historiske motiv

Politikarane ønskte at administrasjonen skulle arbeide vidare med framlegga frå designbyråa som fagjuryen hadde innstilt på, samt nye forslag med historiske motiv. Særleg ville dei sjå motiv med utgangspunkt i felles historiske referansepunkt, som Gulatinget, St. Sunniva og Onarheimseglet.

Administrasjonen er no i gang med denne bestillinga, og er i dialog med designbyrået som vann tilbodskonkurransen i fjor. Prosjektleiar meiner særleg det er eit rikt symboltilfang knytt til Gulatinget som kan utnyttast i det vidare arbeidet.

Dette skjer vidare

Neste milepåle i prosessen er at prosjektleiar skal leggje fram nye alternativ for fellesnemnda sitt arbeidsutval 26. mars og 29. april.

Etter at arbeidsutvalet har drøfta og teke stilling til aktuelle vegval, skal fellesnemnda vedta si tilråding til nytt fylkesvåpen 23. mai.

Deretter går saka vidare til fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland, som skal gjere det endelege vedtaket når dei har møte høvesvis 4. og 12. juni 2019.

Fylkesvåpenet vil bli eit berande symbol for den nye fylkeskommunen som trer i kraft 1. januar 2020.

Les meir i saksdokumentet til fellesnemnda (pdf)