Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland var samla på Gulatinget i oktober 2017. (Foto: Gøril Sætre)

Fylkesutvalet går for Vestland som fylkesnamn

Eit samla fylkesutval vedtok 12. februar at det ønskjer Vestland som namn på det nye fylket, sett saman av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Publisert 12.02.2018 av Redaksjonen

Fylkestinga i begge fylka har tidlegare vedteke å bruke namnet Vestlandet, men det har kome kritikk mot namnevalet. Nabofylkeskommunane Rogaland og Møre og Romsdal er begge usamde i forslaget.

No har fylkesutvala i både Hordaland og Sogn og Fjordane gjort nye namnevedtak. Begge tilrår at namnet på det nye fylket vert Vestland. Det er Stortinget som gjer endeleg vedtak i saka, og det er venta at namna på alle dei nye fylkeskommunane vert klare før sommaren.

Møtte kommunalministeren i januar

Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal fylkeskommunar møtte i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) 19. januar, for å drøfte namnet på den nye fylkeskommunen på Vestlandet.

Kommunalminister Monica Mæland ville høyre fylkeskommunane sine synspunkt. KMD planlegg å ferdigstille innstilling si til namn på alle dei nye fylkeskommunane seinare i vår.

Denne artikkelen er tidlegare publisert på sfj.no