Ledig stilling som fylkestannlege i Vestland

Vi har for tida ledig stilling som fylkestannlege. Søknadsfrist er 22. september 2019.

Fylkestannlegen vil inngå i leiargruppa til fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering og vil vere øvste administrative og faglege leiar for tannhelsesektoren i Vestland fylkeskommune.

Fylkestannlegen skal leie arbeidet med å forene dei to tannhelsetenestene til ei fagleg sterk og effektiv tannhelseteneste som leverer gode resultat både på samfunnsnivå og for den einskilde pasient. Sentralt i dette er å bygge ein felles kultur og utnytte moglegheitene som samanslåinga skapar for utvikling av tenesta. Tannhelsetenesta skal være ein attraktiv arbeidsplass for dei fremste fagfolka på området.

Les heile utlysingsteksten og søk på stillinga