Fylkesordførar Anne Gine Hestetun takkar prosjektleiar Rune Haugsdal i det aller siste møtet i fellesnemnda for samanslåing. 15. og 16. oktober skal Vestland fylkesting starte arbeidet.

Fylkeskommunen skal bli meir effektiv

I budsjettarbeidet for Vestland fylkeskommune er det mål om at fylkeskommunen skal bli meir effektiv. Program for effektivisering vil bli lagt fram 24. oktober.

Publisert 20.09.2019 av Redaksjonen

Effektiviseringstiltak skal omfatte den administrative drifta av Vestland fylkeskommune. Program for dette skal vere eit supplement til andre nødvendige reduksjonar i driftsrammene og skal gå fram til 2025.

Ein samrøystes fellesnemnd for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland har vedteke at prosjektleiar Rune Haugsdal skal legge fram konkret målsetting for effektiviseringsarbeidet til første møte i finansutvalet i Vestland fylkeskommune torsdag 24. oktober. Effektiviseringsprogrammet skal til politisk behandling i samband med budsjettet for 2021. Prosjektleiaren skal nytte 2020 til å få oversyn over strukturar og ressursbehov.

Første budsjettet i Vestland

24. oktober startar det nyvalde finansutvalet på arbeidet med budsjettet for 2020. Fellesnemnda ber prosjektleiar arbeide vidare med dei samla økonomiske utfordringane og saldering som må vise det politiske handlingsrommet for å prioritere tiltak.

Prosjektleiar har fått i oppgåve å konkretisere mogelege innsparingstiltak på sektornivå. Dette skal og omfatte forslag til omprioriteringar med konsekvensvurdering.

Overføring frå Statens vegvesen

Frå 1. januar blir fylkesvegdelen av Statens vegvesen overført til dei nye fylka. Fellesnemnda set som føresetnad at det vert full kompensasjon for kostnadane med slik overføring.

Fellesnemnda vil og understreke dei alvorlege utfordringane med ferje- og hurtigbåtanbod og utfordringane på vegvedlikehald og rassikring og ber politisk og administrativ leiing gå i dialog med sentrale styresmakter om dette.

Det første budsjettet for Vestland fylkeskommune skal endeleg vedtakast på fylkestinget 17. og 18. desember.