Bak fleirtalet for fylkesbudsjettet er mellom anna Natalia Golis (MDG, f.v.), Aleksander Øren Heen (Sp), Anne Gine Hestetun (A), Emil Gadolin (A), Arve Helle (A) og Kine Bratli Dale (A).

Fylkesbudsjett på 14,8 milliardar kroner

Budsjettet for Vestland fylkeskommune i 2020 blir på ca. 14,8 milliardar kroner. Av dette skal 8,9 milliardar gå til drift og 5,9 milliardar til investeringar.

Publisert 03.12.2019 av redaksjonen

Vestland fylkesutval har tilrådd budsjettet for 2020. Det er i samsvar med tilrådinga frå finansutvalet tysdag 26. november. Det inneber at skulefrukosten og skulepsykologane i dei vidaregåande skulane i Hordaland skal halde fram og at alle vidaregåande skular i Sogn og Fjordane skal få tilbod om skulefrukost og skulepsykolog. Den internasjonale IB-linja i Bergen og Fjaler skal og halde fram.

Finansiering

For å finansiere tiltaka tilrår fylkesutvalet nokre nedskjeringar innan administrasjon, samferdsel, opplæring og kompetanse, næring, naturressursar og innovasjon, og kultur, idrett og integrering. For fullstendig oversyn, sjå vedlegg nede på sida.

Dei seks samarbeidspartia i fylkestinget, A, Sp, KrF, V, SV og MDG, har fleirtal for budsjettet med 10 mot 7 røyster. Mindretalet er Høgre, Framstegspartiet og Folkeaksjonen nei til meir bompengar som fremja alternative budsjett.

Opposisjonen i fylkespolitikken fremja eigne forslag til budsjett: Svein Halleraker (H, f.v.), Noralv Distad (H), Silja Ekeland Bjørkly (H), Terje Søviknes (Frp), Sigbjørn Framnes (Frp), Knut Inge Andersen (FNB) og Morten Klementsen (FNB).

Vil bruke meir til vegvedlikehald

Høgre ville mellom anna bruke 45 millionar kroner meir til vedlikehald av fylkesvegane og hente inntekter gjennom reklame innan kollektivtrafikken. Silja Ekeland Bjørkly (H) meiner det er eit potensiale på 40 til 50 millionar kroner årleg og 10 millionar som start i 2020.

Framstegspartiet fremja forslag om å bruke 30 millionar kroner meir til vegvedlikehald og vil og innføre reklame i kollektivtrafikken. Dei har avsett 40 millionar i reklameinntekter i sitt budsjettforslag.

Vil bruke meir til plastopprydding

Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) fremja forslag om tre mindre endringar: Å auke summen til plastopprydding frå ein til tre millionar kroner, 300 000 kroner meir til vern av fartøy, og å auke løyvinga til det planlagde Jakob Sande-senteret i Dale i Sunnfjord frå 200 000 til 400 000 kroner.

Høgre sitt framlegg fekk dei tre røystene til Høgre og fall. Framstegspartiet sitt framlegg fekk dei to røystene til Frp og fall, og FNB sitt forslag fekk deira to røyster.

Endeleg budsjettvedtak skal skje i fylkestinget 17. og 18. desember i Sogndal.

Budsjettforslag Vestland 2020 frå A, Sp, KrF, V, SV og MDG

Budsjettforslag Vestland 2020 verbalpunkt 2020 frå A, Sp, KrF, V, SV og MDG

Budsjettforslag Vestland 2020 frå Høgre

Budsjettforslag Vestland 2020 frå Framstegspartiet

Budsjettforslag Vestland 2020 frå Folkeaksjonen nei til meir bompengar