For deg som folkevald

Som folkevald i fylkeskommunen har du både rettar og plikter. Du må også følgje ei rekkje lover og retningslinjer i det politiske arbeidet ditt.

Alle faste medlemer i fylkestinget får låne ein iPad i fylkestingsperioden. I appen ePolitiker, som du kan laste ned, finn du alle saksdokument og innkallingar. Saksbehandlinga i fylkeskommunen er papirlaus, det blir altså ikkje sendt ut saksdokument eller innkallingar på papir.

Politikardag

Fylkeskommunen arrangerer politikardagar nokre gonger i året. Der kan både administrasjonen i fylkeskommunen og andre orientere medlemene i fylkestinget om aktuelle tema i og for fylket.