Fylkesvåpendesignar Jorunn Andreassen flankert av fylkesordførarane Jenny Følling (SFJ) og Anne Gine Hestetun (HFK). Legg merke til smykka, som Andreassen har laga sjølv.

Folkefavorittvinnar blei gjort stas på

Jorunn Andreassen som har laga fylkesvåpenforlaget som i august blei stemt fram som folkefavoritt, fekk i dag blomar, heider og ære.

Publisert 21.09.2018 av Redaksjonen

Som vinnar av folkefavoritten har Andreassen, som kjem frå Jølster, allereie fått 25 000 kr.

I dag blei ho takka av fellesnemnda som er leia av Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland.

Som takk kvitterte Andreassen med å gje eit eigaprodusert smykke basert på fylkesvåpenforslaget hennar til både Hestetun og Jenny Følling som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Folkefavorittfylkesvåpenet og tre forslag frå fagjuryen blir med som inspirasjon i ein designkonkurranse i haust. Etter designkonkurransen rangerer fagkomiteen bidraga, og vil innstille til nytt fylkesvåpen. Det er til slutt politikarane i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland som saman vedtek det nye fylkesvåpenet i desember 2018.