Sjå kulturkonferansen i opptak

Kulturkonferansen Vestland – Ein ny region veks fram gjekk føre seg i Bergen torsdag 21. mars. Her kan du sjå opptak av konferansen på nett-tv.

Kulturkonferansen vert arrangert av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Dette er den første av mange regionale møteplassar for kultur i nye Vestland fylkeskommune. Konferansen er for alle som jobbar med kultur i Sogn og Fjordane og Hordaland, både i kommunar, institusjonar og lag/organisasjonar. Det er eit fagleg tilbod, men også ein møteplass der ein kan påverke og lære, inspirere og bli inspirert.

Her finn du detaljert program for konferansen.