SLIT I LESING: Rapporten viser at mange av femteklassingane i nye Vestland fylke er på lågaste nivå i lesing. (Foto: Shutterstock)

Fleire veks opp i heimar med låg inntekt

Stadig fleire barn veks opp i heimar med låg inntekt. 25 prosent av femteklassingane er på lågaste nivå i lesing, og i delar av den nye regionen kan snart ein av tre vere over 67 år. Dette kjem fram i den første folkehelseoversikta for det nye fylket.

Publisert 27.08.2019 av Redaksjonen

Utfordringsbiletet i den nye rapporten «Vestland – folkehelseoversikt 2019-2023» viser at samfunnsplanlegginga kan bli krevjande i åra som kjem. Folkehelseversikta er eit viktig dokument for politikarane i fylket og kommunane, når dei skal planlegge den neste fireårsperioden.

– Dette viser at forskjellane i Norge aukar, og det gjer meg bekymra. Stadig fleire born veks opp i fattigdom, og dette kan vi ikkje sitte stille og sjå på. No må kommunar, fylke og stat jobbe saman for å syte for god folkehelse for alle, seier Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland fylkeskommune.

Låg inntekt

Rapporten viser at det særleg er unge i etableringsfasen som bur i hushald med låg inntekt over tid. Ein av grunnane til dette kan vere at det er fleire eineforsørgjarar no enn tidlegare. I tillegg har bustadprisane auka stort samanlikna med resten av landet dei siste åra.

På landsbasis har òg del barn busett i hushald med låg inntekt auka. Auken har likevel vore høgare i Sogn og Fjordane enn i Hordaland og i resten av landet.

Å vekse opp i heimar med låg inntekt kan gi mange negative ringverknadar.

– Ungdommane i desse hushalda trivst mellom anna mindre i skulen, er mindre aktive i fritidsaktivitetar, et sjeldnare frukost, er oftare utrygge i nabolaget og har oftare prøvd alkohol og hasj, seier Aina Haugstad, seniorrådgjevar i Hordaland fylkeskommune.

Aldrande befolkning

Eit anna utviklingstrekk er at vi blir fleire eldre og færre unge i Vestland. Delar av det nye fylket er prega av fråflytting og ei kraftig aldrande befolkning. Ein tredjedel av befolkninga i delar av fylket kan vere over 67 år i 2040. Dersom utviklinga held fram vil delar av fylket møte store utfordringar knytt til spreidd busetnad og mange eldre.

Slit med å lese

Eit anna trekk som kan bekymre, er at meir enn 25 prosent av femteklassingane er på lågaste nivå i lesing. Dette er langt dårlegare enn landsgjennomsnittet. Her er det store forskjellar mellom kommunane, utan at det er avdekka noko klart mønster i kva for kommunar som har gode eller dårlege resultat. Det er heller ikkje funne noko eintydig årsak til kvifor elevane les dårleg.

Konsekvensane av det dårlege resultatet kan derimot gi grunn til å bekymre seg. Skuleprestasjonar i grunnskulen er enkeltfaktoren som har størst innverknad på om elevar fullfører vidaregåande skule.

– Fullført vidaregåande skule er viktig for framtidig helse og eit kompetansekrav for deltaking i arbeidslivet, seier Haugstad.

Ei lovpålagt oppgåve

Å lage folkehelseoversikt er ei lovpålagt oppgåve og har vore gjennomført ein gong tidlegare (2015). Folkehelseoversikta for Vestland er mellom anna gjort på bakgrunn av rapporten «Vestland – Statistikk og utviklingstrekk» som stod ferdig tidlegare i år og innspel frå dei regionale dialogmøta i vår. Folkehelseundersøkingane i Hordaland (2018) og Sogn og Fjordane (2019) har også vore viktige kjelder til folkehelseoversikta.

Fylket har ei viktig rolle i utviklinga av folkehelsearbeidet i Vestland. Folkehelseoversikta gir viktig kunnskap til både kommunane og fylket for å lage gode og målretta tenester for sine innbyggjarar. Fylkeskommunen set retning for folkehelsearbeidet i tett samarbeid med kommunane.

– Skilnadane aukar i Noreg, og barnefattigdom er ei reel utfordring. Godt folkehelsearbeid er viktig for å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge, legge til rette for sunne levevanar, fremme fellesskap, tryggleik, inkludering og brei deltaking i samfunnet og i arbeidslivet, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les heile rapporten: Vestland – Folkehelseoversikt 2019–2023