• Illustrasjon av alternativ til fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune, ein versjon i kvit og grøn og ein i grå og blå.

Fellesnemnda sitt arbeidsutval ønskjer administrasjonen skal jobbe vidare med dette alternativet til fylkesvåpen – i ulike fargekombinasjonar.

Fjordlandskap på nytt fylkesvåpen

Fellesnemnda sitt arbeidsutval ber administrasjonen jobbe vidare med fjord og fjell som motiv på fylkesvåpenet til nye Vestland fylkeskommune.

Publisert 26.03.2019 av Redaksjonen

Arbeidsutvalet hadde møte i Førde 26. mars, og nytt fylkesvåpen var ei av sakene på dagsorden. Prosjektleiar Rune Haugsdal la fram fire ulike motiv for politikarane, eitt med fjord- og fjellmotiv, og tre med motiv knytte til Gulatinget.

Forslaget politikarane no vel å gå vidare med, er ein variant av forslaget som fagkomiteen tilrådde i desember 2018. Vedtaket var samrøystes, og alle medlemane i arbeidsutvalet var samde om at ein no må sjå nærare på kva fargar det nye fylkesvåpenet skal ha.

Administrasjonane i dei to fylkeskommunane arbeider no vidare med nytt fylkesvåpen, før saka går vidare til fellesnemnda for vedtak. Fellesnemnda har sitt neste møte 23. mai.

Det nye fylkesvåpenet skal endeleg vedtakast av fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland.