Fylkestinget

Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen.  Det gjer vedtak i alle viktige og prinsipielle saker som gjeld verksemda til fylkeskommunen. Fylkesordføraren er leiar for fylkestinget.

I praksis tek fylkestinget i vare ansvaret sitt ved å delegere oppgåver til fylkesutvalet, dei faste utvala i fylkeskommunen og til fylkesrådmannen.

I valperioden 2019-2023 er 11 politiske parti representerte i fylkestinget.

Oversikt over møte og medlemmar i fylkestinget.

Gruppeleiarar for dei politiske partia i fylkestinget

Konstituerande møte i fylkestinget

Det var konstituerande møte i fylkestinget for Vestland fylkeskommune 15.–16. oktober på Hotel Norge i Bergen. Det konstituerande møtet vert sendt direkte i nett-tv:

Sending frå dag 1 – 15. oktober.
Sending frå dag 2 – 16. oktober.

Fylkesutvalet

Fylkesutvalet er arbeidsutvalet til fylkestinget. Utvalet tek avgjerdsler i saker det har delegert mynde til og kjem elles med innstillingar til fylkestinget.

Fylkestinget vel 17 medlemer til fylkesutvalet. Dette skjer på det konstituerande fylkestinget 15.-16. oktober 2019.
Dei kjem saman om lag ein gong i månaden. Fylkesordføraren leiar møta i fylkesutvalet.

Oversikt over møte og medlemmar i fylkesutvalet.

Finansutvalet

Finansutvalet har det politiske ansvaret for budsjettprosessen. Finansutvalet utarbeider framlegg til årsbudsjett og økonomiplan for Vestland fylkeskommune.

Finansutvalet sine medlemer og varamedlemer er personsamanfallande med fylkesutvalet i Vestland. Fylkesordførar er leiar. Hovudutvalsleiarane og gruppeleiarane for dei parti som ikkje er representerte i fylkesutvalet, er konsultative medlemer.

Oversikt over møte og medlemmar i finansutvalet.

Planutvalet

Arbeidsområdet til planutvalet er dei regionale planstrategiane og regionale planprosessane etter plan- og bygningslova.

Planutvalet skal saman med administrasjonen leggje strategiske føringar for dei regionale planane og gi politiske styringssignal for pågåande planarbeid. Dei regionale planane skal deretter behandlast i hovudutvala, fylkesutval og fylkesting.

Planutvalet sine medlemer og varamedlemer er personsamanfallande med fylkesutvalet i Vestland. Fylkesordførar er leiar. Hovudutvalsleiarane er konsultative medlemer av planutvalet.

Hovudutval for kultur, idrett og integrering

Utvalet skal ha ansvar for saker knytt til kultur, idrett og integrering basert på dei regionale styringslinene som ligg føre.

Utvalet har 15 medlemmar.

Oversikt over møte og medlemmar i hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon

Utvalet skal ha eit overordna ansvar for berekraftig omstilling i næringslivet, grøn vekst og nyskaping i nærings- og arbeidsliv. Utvalet skal arbeide for skaping av arbeidsplassar og sysselsetting i heile Vestland fylke og for verdiskaping og sysselsetting både i byar, regionar og lokalsamfunn. Utvalet skal fremje utvikling av naturressursane, både i havet og på land, deriblant landbruk og reiseliv som drivarar i utvikling av sterke distrikt.

Utvalet skal vere ein pådrivar for innovasjon, entreprenørskap og næringsutvikling, ut frå kunnskap og forsking. Kunnskap, rett kompetanse og teknologiutvikling må sjåast i samanheng med behovet for utvikling av eksisterande næringsverksemder, samt trong for omstilling til nye næringsvegar.

Utvalet skal ha 15 medlemmar.

Oversikt over møte og medlemmar i hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon.

Hovudutval for opplæring og kompetanse

Utvalet skal med grunnlag i opplæringslova med forskrifter sikre innbyggjarane i fylket kvalitet og tilgang til vidaregåande opplæring og fagskuleutdanning. Utvalet skal styrke den regionale kompetansepolitikken gjennom eit tettare samarbeid mellom arbeidsliv og utdannings- og opplæringsaktørar om behov og tilrettelegging for utdanning og kompetanseutvikling.

Utvalet skal ha 15 medlemmar.

Oversikt over møte og medlemmar i hovudutval for opplæring og kompetanse.

Hovudutval for samferdsel og mobilitet

Utvalet har ansvar for å sikre at innbyggjarane og næringslivet har eit transportsystem som gjev miljøvenleg og trygg transport, tilstrekkelig mobilitet og tilgjenge til viktige reisemål.

Utvalet skal ha 15 medlemmar.

Oversikt over møte og medlemmar i hovudutval for samferdsel og mobilitet.

Kontrollutvalet

Utvalet skal gjennom arbeidet sitt bidra til at innbyggjarane og andre interessentar har tillit til Vestland fylkeskommune, og at fylkeskommunen leverer tenester og utfører mynde effektivt og målretta i samsvar med lov, forskrift og andre reglar, samt fylkestinget sine føresetnader og vedtak. Kontrollutvalet skal framstå som eit kompetent, uavhengig, objektivt og synleg organ med høg integritet.

Kontrollutvalet skal ha sju medlemar. Leiar og fleirtalet i kontrollutvalet skal ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyra same gruppe som fylkesordføraren.

Oversikt over møte og medlemmar i kontrollutvalet.

Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet sitt arbeidsområde er saker som gjeld tilsetjings- og arbeidsvilkår for dei tilsette i fylkeskommunen. Utvalet skal behandle saker som gjeld tilhøvet mellom fylkeskommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Utvalet har 11 medlemer, kor 6 av dei representerer arbeidsgjevar og kor 5 representerer dei tilsette.

Oversikt over møte og medlemmar i administrasjonsutvalet.

Valnemnda

Valnemnda gir innstilling i saker om val, der avgjerda om valet ligg til fylkestinget. Valnemnda legg fram forslag til medlemer, varamedlemer, leiar og nestleiar i fylkeskommunen sine råd og utval, der ikkje anna er fastsett i lov eller i reglement.

Valnemnda legg og fram forslag til representantar til styrande organ i selskap, stiftingar og institusjonar, generalforsamlingar mv, der fylkeskommunen har medlemer og varamedlemer i styret. Valnemnda behandlar og søknader om fritak og midlertidig fritak frå fylkeskommunen sine medlemer i råd og utval.

Valnemnda har 15 medlemer som reflekterer styrkeforholdet i fylkestinget. Alle partia skal vere representerte i valnemnda.

Oversikt over møte og medlemmar i valnemnda.

Fylkesvalstyret

Fylkesvalstyret sitt arbeidsområde er tilrettelegging av val og kontroll med gjennomføring av val i kommunane.

Fylkesvalstyret sine medlemer er personsamanfallande med fylkesutvalet i Vestland. Fylkesordførar er leiar.

Klagenemnda

Klagenemnda tek avgjerd i saker om klage på enkeltvedtak treft av fylkeskommunalt organ oppretta i medhald av kommunelova, med unntak av fylkestinget. Departementet er klageinstans for vedtak treft av fylkestinget.

Klagenemnda tek òg avgjerd i andre saker der det i lov eller forskrift er fastsett at fylkeskommunen eller fylkeskommunalt organ er klageinstans, og fylkestinget ikkje har lagt mynde til andre.

Klagenemnda har sju medlemer:

  • Christer Lilleskare Olsen, H – leiar
  • Torunn Hole Olsnes, SV – nestleiar
  • Stig Morten Frøyland, A
  • Kåre Spissøy, MDG
  • Hildegun Kvamme Skare, FNB
  • Alf Terje Mortensen, Frp
  • Karoline Bjerkeset, Sp

Trafikktryggingsutvalet

Trafikktryggingsutvalet skal vere eit rådgjevande organ i saker som gjeld trafikkspørsmål, og i saker som gjeld koordinering av trafikktryggingsarbeidet i Vestland fylke.

Utvalet skal ha sju medlemer kor fire av medlemene skal vere frå utval for samferdsel og mobilitet, og tre av medlemene skal vere frå kvart av dei andre hovudutvala.

I tillegg til dei valde medlemene, deltek følgjande representantar frå institusjonar som konsultative medlem:

  • Vestland politidistrikt
  • Fylkesmannen i Vestland
  • Trygg Trafikk
  • Fylkeskommunens administrasjon
  • Utrykningspolitiet
  • Statens vegvesen
  • Skyss/Kringom
  • Autoriserte trafikkskolers landsforbund (ATL)

Oversikt over møte og medlemmar i trafikktryggingsutvalet.

Yrkesopplæringsnemnda

Yrkesopplæringsnemnda er eit sentralt forum for utviklingsarbeidet innanfor fag- og yrkesopplæringa i Vestland fylkeskommune. Nemnda er eit rådgjevande organ.

Yrkesopplæringsnemnda har 12 faste medlemer.

Medverknadsorgana

Medverknadsorgana fylkeseldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og fylkesting for ungdommen skal ha ei rådgjevande rolle i den fylkeskommunale verksemda og skal ha rett til å uttale seg i saker som gjeld eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom.