Fellesnemnda

Mørk grå farge viser politisk samansetnad og lys grå farge viser administrativ samansetnad.

Fellesnemnda for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland er sett saman av fylkesutvala i dei to fylka.

Fellesnemnda er sett saman av til saman 24 medlemar, 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane. Nemnda skal i hovudsak planleggje og førebu samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Møte og saker i 2019

Medlemer i fellesnemnda

Hordaland

  • Anne Gine Hestetun, Ap (leiar)
  • Roald Kvamme, Ap
  • Kari Sørensen Bernardini, Ap
  • Synnøve Solbakken, Ap
  • Helge Nævdal, Ap
  • Mona Røsvik Strømme, H
  • Silja Ekeland Bjørkly, H
  • Nils Marton Aadland, H
  • Terje Søviknes, Frp
  • Sigbjørn Framnes, Frp
  • Pål Kårbø, KrF
  • Benthe Bondhus, Sp
  • Aud Karin Oen, SV
  • Tom Sverre Tomren, KrF
  • Anne Beth Njærheim, V

Sogn og Fjordane

  • Jenny Følling, Sp (nestleiar)
  • Sigurd Reksnes, Sp
  • Aleksander Øren Heen, Sp
  • Trude Brosvik, KrF
  • Åshild Kjelsnes, Ap
  • Hilmar Høl, Ap
  • Helen Hjertaas, Ap
  • Bjørn Hollevik, H
  • Gunhild Berge Stang, V

Arbeidsutvalet

Arbeidsutvalet har fullmakt til å gjere vedtak i einskildsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell karakter i samanslåingsprosessen.

Utvalet skal vere eit operativt arbeidsorgan og kan gjere vedtak i følgjande saker/sakstypar:

  • Kurante saker utan vesentleg økonomisk eller prinsipiell betydning.
  • Hastesaker der det er nødvendig å gjere vedtak i forkant av oppsette møte i fellesnemnda.
  • Oppfølging av fullmakter i enkeltsaker gjevne i fellesnemnda.

Møte og saker i 2018

Møte og saker i 2019

Medlemer i arbeidsutvalet

Hordaland

  • Anne Gine Hestetun, Ap, leiar
  • Pål Kårbø, KrF
  • Silja Ekeland Bjørkly, H
  • Roald Stenseide, FrP

Sogn og Fjordane

  • Jenny Følling, Sp, nestleiar
  • Åshild Kjelsnes, Ap
  • Bjørn Hollevik, H
  • Sigurd Reksnes, Sp

Partssamansett utval

Det partssamansette utvalet skal utforme eit utkast til omstillingsavtale som mellom anna sikrar rammene for korleis dei tilsette skal sikrast medverknad og involvering i samanslåingsprosessen.

Utvalet skal leggje omstillingsavtalen fram for fellesnemnda for endeleg godkjenning. Det partssamansette utvalet er sett saman av fire hovudtillitsvalde frå arbeidstakarsida og fem faste medlemar frå fellesnemnda.

Møte og dokument

Møte og saker i 2018

Møte og saker i 2019

Medlemer i det partssamansette utvalet

Hordaland

  • Anne Gine Hestetun, Ap
  • Pål Kårbø, KrF
  • Silja Ekeland Bjørkly, H

Sogn og Fjordane

  • Jenny Følling, Sp, leiar
  • Hilmar Høl, Ap

Hovudsamanslutningane

  • Unio: Hilde Kvamsås Aa, Sogn og Fjordane
  • Akademikerne: Marius Kjørmo, Hordaland
  • LO: Dagmar Hillestad, Hordaland
  • YS: Tore Andersen, Hordaland

Tilsetjingsutval

Tilsetjingsutvalet skal innstille på prosjektleiar/fylkesrådmann for det samanslåtte vestlandsfylket.

Fellesnemnda vedtok i møte 18. desember 2017 å setje ned eit tilsetjingsutval for tilsetjinga av prosjektleiar/fylkesrådmann. Prosjektleiar vert tilsett 4. mai 2018, og vert fylkesrådmann for det nye fylket frå 1. januar 2020. Tilsetjingsutvalet er sett saman av fellesnemnda sitt arbeidsutval samt to representantar frå arbeidstakarorganisasjonane.

Møte og dokument

Medlemer i tilsetjingsutvalet

Arbeidsutvalet (sjå over)

Representantar frå arbeidstakarorganisasjonane:

  • Marius Kjørmo, Akademikerne
  • Svein Torbjørn Sandvold, LO Kommune