Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fellesnemnda vedtok politisk organisering i nytt fylke

På møte i Førde 22. juni vedtok fellesnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane den framtidige politiske organiseringa i Vestland fylkeskommune. Det nye fylket får fire politiske hovudutval.

Publisert 22.06.2018 av Redaksjonen

– Eg er glad for at vi no har fått vedteke den overordna politiske prioriteringa. Det er eit viktig vedtak, for det gir ein bakgrunn for å jobbe vidare med mange av dei andre viktige prosessane vi held på med i samband med samanslåinga. Namna på hovudutvala seier òg noko om dei politiske prioriteringane våre, seier Anne Gine Hestetun, leiar i fellesnemnda.

Det nye fylket får følgjande fire hovudutval:

  1. Hovudutval for samferdsle og mobilitet
  2. Hovudutval for opplæring og kompetanse
  3. Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon
  4. Hovudutval for kultur, idrett og integrering

Fylket får i tillegg eit fylkesutval med ansvar for å leggje fram forslag til økonomiplan og årsbudsjett, og med eit overordna ansvar for fag- og politikkområde som går på tvers av sektorane, som klima, folkehelse og regional planstrategi.

Prosjektleiar får i oppgåve å utarbeide framlegg til andre politiske utval, nemnder, råd og komitear i den nye fylkeskommunen i løpet av hausten. Prosjektleiar skal også vurdere om det vil vere naudsynt å gjere endringar i den politiske organiseringa dersom fylkeskommunane får overført nye oppgåver.

Vedtaket i fellesnemnda byggjer på og djupar ut det som vart vedteke i intensjonsavtalen for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane i 2017.

Sjå sakspapir til møtet i fellesnemnda her