Prosjektleiar Rune Haugsdal på talarstolen under møtet i fellesnemnda i Førde 19. desember. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fellesnemnda vedtok modell for inntak til vidaregåande skule

Inntaket til vidaregåande skule i Vestland for skuleåret 2020/21 vert gjennomført med fritt skuleval innanfor to eller fleire geografiske inntaksområde. Det vedtok fellesnemnda onsdag.

Publisert 20.12.2018 av Redaksjonen

– Eg er glad for at vi har fått dette vedtaket, og er sikker på at det gir grunnlag for eit godt inntakssystem som eit breitt og likeverdig opplæringstilbod i heile Vestland, med høg kvalitet og god utnytting av ressursar. Det fortener ungdomane, seier leiar i fellesnemnda, Anne Gine Hestetun.

2020/21 vert det første skuleåret med felles inntak i Vestland fylkeskommune. Inntaket til skuleåret 2019/20 vert gjennomført av dagens to fylkeskommunar etter gjeldande ordningar.

Tre alternativ

Prosjektleiar Rune Haugsdal hadde i saksutgreiinga vurdert tre alternative modellar som politikarane skulle ta stilling til:

  1. Fritt skuleval med karakterbasert opptak i heile det nye fylket.
  2. Nærskuleprinsipp (søkjarane vert styrt til næraste skule som har dei programområda søkjaren har søkt på).
  3. Fritt skuleval med karakterbasert opptak innanfor to eller fleire geografiske inntaksområde.

Fritt val innanfor inntaksområda

Alternativ 3 var tilrådd av prosjektleiar, og fekk støtte av fleirtalet blant politikarane.

Denne modellen inneber at elevane fritt kan søkje alle skulane i sitt inntaksområde. Karakterar avgjer kva skular og programområde søkjaren kjem inn på innanfor inntaksområdet, og søkjaren har rett til eit tilbod i eige inntaksområde.

Prosjektleiar skal no greie ut vidare korleis modellen skal fungere i praksis, med omsyn til kor mange inntaksområde det skal vere og korleis områda vert avgrensa. Fellesnemnda skal ta stilling til dette våren 2019.

Vedtok budsjettmodell

Fellesnemnda vedtok òg at budsjettmodellen for dei vidaregåande skulane i Vestland i hovudsak skal vere basert på tal klassar/grupper per utdanningsprogram.

Prosjektleiar skal utarbeide eit konkret framlegg til budsjettmodell for skulane, som vert lagt fram for fellesnemnda våren 2019.

Sjå saksdokument og protokoll frå møtet i fellesnemnda