Bildetekst her

Fellesnemnda sitt arbeidsutval vil ut og møte kommunane i Vestland

No startar arbeidet med felles mål og strategiar for Vestland. For å hente kunnskap om utviklingstrekk og utfordringar i det nye fylket inviterer fellesnemnda sitt arbeidsutval seg til møte med kommunar, nærings- og organisasjonsliv.

Publisert 11.09.2018 av Redaksjonen

Måndag 10. september drøfta politikarane i arbeidsutvalet arbeidet med felles planstrategi for Vestland fylke 2020–2024. Ein planstrategi gir retning og mål for dei ulike andre regionale planane som skal lagast for det nye fylket.

Arbeidsutvalet gjev tilråding til fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Moglegheiter og utfordringar for Vestland

Framover i samanslåingsprosessen skal fylka få eit felles kunnskapsgrunnlag om utfordringar og utviklingstrekk i det nye storfylket. Tema som skal undersøkast er levekår, busetjing, miljø og naturressursar, næring og sysselsetjing, samferdsel og infrastruktur.

Det komande halvåret vil arbeidsutvalet sikre medverknad med å møte kommunane regionvis. Slik skal ein best kunne skildre moglegheiter og utfordringar i Vestland. Også organisasjonar og statlege organ skal bli høyrde for å kunne omtale status og utviklingstrekk.

– God dialog med kommunar, næringsliv, lag og foreiningar er avgjerande for å kunne skape ein felles kunnskapsplattform, og å kunne sjå dei beste moglegheitene framover, seier leiar av arbeidsutvalet, Anne Gine Hestetun.

Sjå saksliste og –dokument frå møtet i arbeidsutvalet