Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fellesnemnda ønskjer dynamisk prosess om kraftverdiar og fondsvedtekter

Fellesnemnda vedtok i dag at arbeidsutvalet skal peike ut ei mindre arbeidsgruppe og knyte til seg naudsynt hjelp i prosessen for å bli samde i saka om kraftverdiar og fondsmidlar.

Publisert 16.11.2018 av Redaksjonen

Saka handla om prosessen med å arbeide vedtekter for eit utviklingsfond for Sogn og Fjordane og forvalting av Sogn og Fjordane fylkeskommune sin aksjepost i Sogn og Fjordane energi (SFE).

Vil ha vidare prosess

Vedtaket seier at fellesnemnda oppmodar arbeidsutvalet om å arbeide vidare med saka med mål om å finne ei heilskapleg løysing på usemja som har kome til uttrykk mellom fylka. Fellesnemnda oppmodar arbeidsutvalet om å peike ut ei mindre arbeidsgruppe og knyte til seg naudsynt hjelp i prosessen, med mål om å skape ein meir dynamisk prosess.

Forslaget vart lagt fram av politikarane frå Hordaland, og vart vedteke med 15 mot 9 røyster.

Mindretalet røysta for eit forslag frå Sogn og Fjordane om å slutte seg til eit utkast til fondsvedtekter som fylkesordføraren i Sogn og Fjordane har sendt ut, og at det ligg til fylkestinget i Sogn og Fjordane å avgjere korleis fylkeskommunen sine aksjar i SFE skal handterast.

Heile forslaga er referert under.

Ønskjer å finne løysing

– Vi har alle eit ansvar og ei plikt for å finne ei løysing på saka til det beste for fellesskapen, og då må vi alle gje og ta. Eg vil gjere mitt for å bidra til det, seier leiar for fellesnemnda og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

– Det er viktig å vere konstruktive og finne ei god løysing, seier nestleiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling. Ho understrekar at det er fylkestinget i Sogn og Fjordane som avgjer korleis eigarskapen i SFE skal ivaretakast.

 

Forslag frå Hordaland (vedteke):

Fellesnemnda oppmodar Arbeidsutvalet om å arbeide vidare med saka med mål om å finne ei heilskapleg løysing på den usemje som kom til uttrykk mellom dei to fylkeskommunane på møtet i fellesnemnda 8. mars 2018, samt utarbeide forslag til vedtekter for Sogn og Fjordane utviklingsfond.

Fellesnemnda oppmodar Arbeidsutvalet om å peike ut ei mindre arbeidsgruppe og knyte til seg naudsynt hjelp i prosessen. Dette for å leggje til rette for ein meir dynamisk prosess.

Fondsvedtektene kan ta utgangspunkt i ein modell basert på fordeling med delt eigarskap til aksjane i Sogn og Fjordane Holding AS mellom Vestland fylkeskommune og kommunane i dagens Sogn og Fjordane, etter nærare definert avtale.

Forslag frå Sogn og Fjordane (mindretalet):

Fellesnemnda sitt AU viser til Fellesnemnda sitt vedtak av 4.05.18. AU fekk her i oppgåve å prøve å løyse opp i den usemje som kom til uttrykk i FN 8.03.18 og kome med forslag til vedtekter for det fondet som kan etablerast ihht intensjonsplanen sitt pkt. 7. Med dette som utgangspunkt vil Fellesnemnda sitt Arbeidsutval uttrykkje følgjande:

  1. Arbeidsutvalet tilrår at Fellesnemnda sluttar seg til utkast til vedtekter for eit utviklingsfond for Sogn og Fjordane slik dette er oversend frå fylkesordføraren i Sogn og Fjordane 12.09.18.
  2. Arbeidsutvalet konstaterer at det ligg til fylkestinget i Sogn og Fjordane å avgjere korleis fylkeskommunen sine aksjar i SF Holding AS/SFE AS skal handterast.