NYE OPPGÅVER: Rapporten om nye oppgåver til fylkeskommunen er no lagt fram. Statsminister Erna Solberg og kommunalminister Monica Mæland skal ta stilling til rapporten og legge fram forslag til Stortinget. (arkivbilete)

Ekspertutval foreslår nye oppgåver til fylkeskommunen

Eit ekspertutval foreslår å flytte nær 5000 arbeidsplassar og oppgåver for 24 milliarder kroner til dei nye fylkeskommunane. – Dette er offensivt jobba av ekspertutvalet og eit velbegrunna og godt utgangspunkt i arbeidet med å leggje fleire oppgåver til fylka, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Publisert 01.02.2018 av Redaksjonen

Ekspertutvalet har påpekt at når fylka blir betydeleg større i folketal, legg det til rette for overføring av ansvar og oppgåver frå staten. I rapporten blir det tilrådd at oppgåver innan næring, innovasjon og forsking, kultur, samferdsel og integrering og barnevern blir overført til fylkeskommunane.

– Med eit nytt og større vestlandsfylke er vi godt rusta til å ta på oss nye oppgåver og meir ansvar. Vi må jobbe for å få gjennomslag for mest mogeleg. Eg gler meg til å lese forslaget grundig, seier fylkesordføraren.

Rapporten frå ekspertutvalet skal på offentleg høyring med seks vekers frist.

Denne artikkelen er tidlegare publisert på hfk.no