Sola braut gjennom skydekket og skein rett på fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho presenterte den politiske plattforma for dei første fire åra i Vestland.

Desse kom inn i det nye Vestland fylkesting

65 representantar skal ta plass i det nye Vestland fylkesting når dei møter for første gong 15. oktober. Kontrollteljinga etter valet er ferdig, og kandidatane som kom inn, er klare.

Publisert 16.09.2019 av Redaksjonen

Arbeidarpartiet 14 mandat

1 Anne Gine Hestetun

2 Arve Helle

3 Jannicke Bergesen Clarke

4 Emil Gadolin

5 Karianne Torvanger

6 Stian Jean Opedal Davies

7 Kine Bratli Dale

8 Torbjørn Vereide

9 Nina Bognøy

10 Rasmus Laupsa Rasmussen

11 Linda Monsen Merkesdal

12 Per Jarle Valvatne

13 Senea Sabanovic

14 Kjell Gitton Håland

Høgre 12 mandat

1 Silja Ekeland Bjørkly

2 Noralv Distad

3 Svein Kolbein Halleraker

4 Dan Stian Femoen

5 Hanne Eva Husebø Kristensen

6 John Andre Kongsvik

7 June Vibecke Knudtsen Indrevik

8 Jana Midelfart Hoff

9 Sonja Merethe Øvre-Flo

10 Karl Vågstøl

11 Lise-May Sæle

12 Gunnar Moland

Senterpartiet 10 mandat

1 Jon Askeland

2 Jenny Ellaug Følling

3 Aleksander Øren Heen

4 Sigrid Brattabø Handegard

5 Hilde Horpen

6 Alexander Fosse Andersen

7 Sigurd Erlend Reksnes

8 Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

9 Gunn Åmdal Mongstad

10 Lars Fjeldstad

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 6 mandat

1 Trym H. Aafløy

2 Knut Inge Andersen

3 Morten Klementsen

4 Odd Erik Lind

5 Nils Haugland

6 Hege N. Dale

Framstegspartiet 6 mandat:

1 Terje Søviknes

2 Sigbjørn Framnes

3 Helge Stormoen

4 Rosalind Fosse

5 Frank Willy Pedersen Djuvik

6 Bjarte Vatnøy

Miljøpartiet Dei Grøne 5 mandat:

1 Natalia Antonia Golis

2 Mark Taylor

3 Pauline Tomren

4 Mona Høgli

5 Øyvind Strømmen

SV – Sosialistisk Venstreparti 4 mandat

1 Marthe Hammer

2 Åsmund Berthelsen

3 Symphorien Pombe

4 Marianne Sæhle

Kristeleg Folkeparti 3 mandat

1 Trude Brosvik

2 Tor André Ljosland

3 Kristina Vaktskjold Hamre

Venstre 2 mandat

1 Alfred Bjørlo

2 Gunhild Berge Stang

Raudt 2 mandat

1 Jeanette Onarheim Syversen

2 Terje Kollbotn

Pensjonistpartiet 1 mandat

1 Kurt Johnny Hæggernæs

Endring i rekkefølgja

For å gjere endringar i personrekkefølgja krevst det at minst åtte prosent av veljarane har gjort det same. Det har medført at Geir Kjell Andersland (V) fall frå 2. plass til 3. plass og ut av fylkestinget. Alfred Bjørlo frå Stad fekk 1611 personstemmer og inntok 1. plassen på lista til Venstre. Toppkandidaten Gunhild Berge Stang vart flytta frå 1. til 2. plass. Desse to skal representere Venstre i fylkestinget.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) gjorde og eit godt val. Ho fekk 4037 personstemmer og rykker opp frå 3. til 2. plass på lista. På bompengelista rykker Trym Aafløy opp frå 3. til 1 plass med 3670 personstemmer. Elles kjem representantane inn i den rekkefølgja dei vart nominert.

Fekk flest personstemmer

Fylkespolitikar og ordførar i Os, Terje Søviknes, er den meste populære politikaren i det nye fylkestinget med heile 7447 personstemmer. Også fylkesordførar Anne Gine Hestetun (A) er populær med 6482 personstemmer. Den nye fylkessordføraren, Jon Askeland (Sp) fekk 4713 personstemmer.

Elles fordelar personstemmene seg slik på dei ulike partia: Jenny Følling (SP): 4037, Trym Aafløy (FNMB): 3670, Silja Ekeland Bjørkly (H): 3614, Marthe Hammer (SV): 2235, Natalia Golis (MDG): 2078, Trude Brosvik (KrF): 1855 og Alfred Bjørlo (V): 1611.

Godt frammøte

Totalt var det levert 315 131 stemmer ved fylkestingvalet i Vestland. Dette er eit frammøte på 63,7 prosent. 116 198 var førehandsstemmer, 4489 var blanke og 260 vart forkasta.

Onsdag 18. september kl. 10.00 skal fylkesvalstyret ta stilling til valoppgjeret, som skal bli endeleg godkjent når fylkestinget møter til konstituering 15. og 16. oktober.