foto av fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis framfor eit småfly inni flyhangar
FRAMOVERLENT FLYSATSING: Både fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis deltok då satsinga på elfly vart lansert i flyhangaren til Bergen Aero Klubb i juni 2020. Ei rekke sentrale aktørar var samla til samarbeidsmøte og lanserte ambisiøse planar for elektriske fly. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Til lands og til vanns og i lufta med

– Vestland har alt tetposisjon i verda på nullutslepp til lands og til vanns. No står det att å få til det same i lufta, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Både Golis og fylkesordførar Jon Askeland deltok på lanseringa av elflysatsinga i Vestland sommaren 2020. Innovative flyselskap, anna næringsliv, Avinor og Vestland fylkeskommune samla seg til eit samarbeidsmøte, der dei lanserte ulike planar og ambisjonar for elektriske fly.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

portrettfoto av fylkesvaraordførar Natalia Golis
Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune skal vere med og skape møteplassar for å pushe utviklinga og støtte forprosjekt som kan akselerere utviklinga mot nullutsleppsfly. fylkesvaraordførar Natalia Golis

– Vestland perfekt

Fylkesvaraordføraren meiner Vestland er perfekt for elfly.

– Med lang reisetid, men korte avstandar i luftlinje mellom flyplassane og sterk kultur for og mykje kompetanse om elektrifisering, er Vestland perfekt for ei slik satsing. Sjølv om fylkeskommunen ikkje lenger skal bestille flyruter på kortbanenettet, så ønskjer vi å vere ein pådrivar for elektrifisering, slår Golis fast.

Den første kommersielle flyruta med elfly kan kome mellom Bergen og Stavanger allereie i 2026.

Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt frå tidleg i oktober i år meiner dette er realistisk. Rapporten konkluderer med at ein demonstrasjonscase for elfly mellom Bergen og Stavanger vil ha større netto samfunnsnytte enn å ikkje satse, og rår styresmaktene til å leggje til rette for og støtte dette.

Ny vår for kortbanenettet

Den planlagde testruta for elfly mellom Bergen og Stavanger er 160 kilometer i luftlinje. Tilsvarande er det 140–150 kilometer luftlinje frå Flesland og til flyplassane i Sogndal, Førde og Florø.

Nullutsleppsfly kan bli den nye bussen med rask, effektiv og miljøvenleg transport i distrikta. fylkesvaraordførar Natalia Golis

Elektriske fly vil såleis kunne bli eit godt supplement til transportsystemet internt i Vestland.

– Elfly med sterkt reduserte kostnader til energi og service vil kunne bidra til ein ny vår for kortbanenettet. Difor må den elektriske revolusjonen også nå luftfarten. Det vil om nokre år gje betre, billigare og raskare transport, som knyter Vestland tettare saman, seier Golis.

Ambisiøs luftfart

To private firma i Vestland har i tillegg planar om å få elektriske fly til fylket om ganske kort tid, og kanskje til og med bygge elfly. Eitt av dei, Scandinavian Skies, satsar på å bli det første norske flyselskapet med elektriske sjøfly, allereie i 2023 om alt går etter planen. Dei har hovudbase i Bergen med sekundærbasar i Eidfjord, Sogndal, Aurland/Flåm og Ulvik.

illustrasjon av elvly på sjøen framfor Bryggen i Bergen
GRÜNDERSATSING PÅ FLY: Gründerbedrifta Elfly vil revolusjonere flybransjen med elektriske sjøfly og har fått laga denne illustrasjonen av eit elfly på fjorden framfor Bryggen i Bergen. Illustrasjon: Elfly Group

Elles har gründerbedrifta Elfly AS i Bergen bestilt 18 elektriske småfly og er i gang med å utvikle eit elektrisk 10-seters sjøfly og ein forretningsmodell for det.

Vestland skal med andre ord bli som skipet til Askeladden når det gjeld elektrifisering. Det kunne fly like godt til lands som til vanns, og i lufta med.

Logo til FNs berekraftsmål 17

FNs berekraftsmål 17.17

Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet som byggjer på erfaringar med partnarskapa og ressursstrategiar.