Plastleker i klare farger i tannlegeskuff.
LEVER FARLEG: Snart kan det vere andre premiar hjå tannlegen enn slike dinosaurar. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Dette er utdøyande rasar

Kva er samanhengen mellom ein gåsenebbkval som stranda på Sotra i 2017 og små premiar på tannklinikken?

Det skal vi kome tilbake til. Vi kan starte med kvalen. Mange hugsar nok den rundt seks meter lange og to tonn tunge kvalen som blei funnen ved Vindenes i det som den gong var Fjell kommune, no Øygarden. Lokale viltstyresmakter og brannvesen prøvde å få han tilbake i open sjø, men kvalen returnerte. Han var lite sky, såg sjuk ut og vart difor avliva.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya". 

Kvalen vart slakta på den marinbiologiske stasjonen Universitetet i Bergen har på Espegrend. Då vart det tydeleg kvifor han ikkje oppførte seg slik friske kvalar skal. Magesekken var fylt med plast. Over 40 plastposar, plastsekkar og store plastflak var trykka saman som ein stor ball.

Tre menn dreg plast ut av av buken på flådd kval.
PLASTKVALEN: Han ante ikkje kva han sette i gang, kvalen som stranda med buken full av plast. Foto: Terje Lislevand/UiB.

Først i landet med plaststrategi

Plastkvalen skapte overskrifter i media over heile verda og vart eit symbol i kampen mot plastforsøpling i havet. Ei av dei som reagerte var Aud Karin Oen, som på den tida representerte SV i fylkestinget i Hordaland. Ho sende ein interpellasjon, som resulterte i at Vestland i juni 2020, som første fylke i landet, fekk ei eigen plaststrategi.

– Eg har sett det og følt avmakt. Eg prøvde med ulike politiske framstøyt, men dette vart ei gyllen anledning, og eg er veldig glad for at vi fekk det til. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt, og vi må gjere vårt. Alle fylkeskommunar med respekt for seg sjølv bør ha ein plaststrategi, og eg har store forventingar til at alt som står i planen blir gjennomført, sa ho då strategien vart vedteken.

Oen bur sjølv i Øygarden, er oppvaksen ved sjøen og har sett utviklinga med stadig meir plast i strandsona.

To damer ved vannkanten
VISJONÆRE: SV-politikar Aud Karin Oen (til venstre) var opphavskvinne for plaststrategien til Vestland fylkeskommune. Visjonen i plaststrategien er at Vestland skal ha null tilførsel av plast til naturen, ein plastfri natur og eit plastfritt hav. Her står ho saman med fylkesvaraordførar Natalia Golis. Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis er oppteken av at vi må mobilisere for å skape engasjement og vilje til endring.

– Vi viser gjennom ambisiøse mål at vi kan endre måten vi behandlar ikkje-fornybare ressursar på, og at vi sikrar vestlandsnaturen mot plast på avvegar. Fylkeskommunen kjenner verdisirklane i regionen og kan saman med andre sikre samarbeid og innovasjon.

Vi må vere plastsmarte. Vestland skal bli nullutsleppsfylke innan 2030 – det gjeld òg utslepp til naturen. fylkesvaraordførar Natalia Golis

– Fylkeskommunen går føre og viser veg. Som veg- og skuleeigar har vi ein enorm grøn innkjøpsmuskel, der vi gjennom krav og avtalar kan drive fram nye løysingar, innovasjon og kloke val. Vi må vere plastsmarte. Vestland skal bli nullutsleppsfylke innan 2030, det gjeld òg utslepp til naturen, slår Golis fast.

Visjonen i plaststrategien er at Vestland skal ha null tilførsel av plast til naturen, ein plastfri natur og eit plastfritt hav.

Logo til FNs berekraftsmål 14

FNs berekraftsmål 14.1

Innan 2025 forhindre og i vesentleg grad redusere alle former for havforureining, særleg frå landbasert verksemd, inkludert marin forsøpling og utslepp av næringssalt.

Kva skjedde så?

Så kva har vi gjort det siste snart halvanna året, og korleis jobbar vi framover, for å nærme oss visjonen?

Det er her dei små plastdyra kjem inn i bildet. Dei som ungane får med seg heim etter å ha vore flinke å gape hjå tannpleiaren. Dette er nemleg eitt av tiltaka i strategien: Velje bort plastleker som premiering til barn.

– Vi er i gang med eit anbod no, som gjeld innkjøp av forbruksmateriell til tannklinikkane våre. Leikene vi deler ut er ein del av dette, og vi har eit mål om å få på plass alternative premiar i løpet av vinteren 2022. Premiane er veldig viktige for forholdet vårt til dei yngste pasientane, og vi jobbar for at dei i framtida blir meir både klimavenlege og berekraftige, seier Linda Bringedal, seniorrådgjevar i den offentlege tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune.

Tannhelsetenesta har eit bevisst forhold til klima og miljø. Av hygieniske årsaker er det ein del eingongsprodukt i omløp, men dei prøver å minimere forbruket av eingongsvarer per pasient. Og dei prøver å påverke og presse leverandørane til å levere på krav til meir miljøvenlege produkt.

Barnehånd velger plastleke hos tannlegen.
PREMIE: Eitt av tiltaka i plaststrategien er å velje bort plastleiker som premiering til barn. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Kjeldesorteringsplan skal endre haldningar

Eit anna tiltak i plaststrategien er dette: Arbeide for at alle opplæringsinstitusjonar har kjeldesortering, plasthandtering, redusert plastforbruk, oppsamling av panteflasker og er ein bevisst innkjøper og forbrukar.

Dame med kildesortert søppel.
KJELDESORTERING: Jorunn Haugland, miljøfagarbeidar ved Os vgs., hadde klar kjeldesorteringsplanen for skulen til første skuledag i haust. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Mange skular har eit bevisst forhold til kjeldesortering og gjer mykje godt arbeid på området allereie. Ein av dei ligg ved Ulvenvatnet, på nordsida av Bjørnafjorden. På Os vidaregåande skule starta dei skuleåret med å lansere ein heilt ny kjeldesorteringsplan. Kvifor?

– Vi har eit mål om å bli miljøfyrtårn, og då må vi ha ein god avfallsplan. Miljøstasjonen vår har vi jobba med i mange år. Han er tilrettelagt slik at alt av farleg avfall vert sortert i godt merka behaldarar. Vi har også eigne containerar for plast, papp og restavfall. Ein gong i veka blir all papp og plast på alle blokkene samla inn av elevar. Vi er også sertifiserte til å drive med sikkerheitsopplæring, og då må vi ta kjeldesortering på alvor, fortel rektor Johan Henrik Lassen.

Fakta: Opplæring i sortering ved Os vgs.

  • Dei framtidige ambulanse- og helsefagarbeidarane lærer å sortere blant anna sprøytespissar og anna spesialavfall.
  • Byggfagelevane må kjeldesortere materiale som flis, teglstein, trykkimpregnert og vanleg treverke.
  • På elektrofag kjeldesorterer elevane dei ulike elektriske komponentane.
  • Verkstaden i D-blokka har fått sin eigen avfallsplan. Her sorterer dei til dømes propan, glaspulver til sandblåsarar, kjølevæske, hydraulikkolje, sprayboksar og klimagass 134A.
  • Elevane som går på barne- og ungdomsarbeidarfaget får undervisning i korleis dei kan motivere framtidige generasjonar til resirkulering og gjenbruk.
  • I alle klasseromma er det ein behaldar der elevane kan samle panteflasker og -boksar. Pengane kan dei bruke til noko sosialt, eller dei kan gje det til eit godt formål.
Logo til FNs berekraftsmål 12

FNs berekraftsmål 12.4

Innan 2020 oppnå ei meir miljøvenleg forvaltning av kjemikaliar og alle former for avfall gjennom heile livssyklusen, i samsvar med internasjonalt vedtekne rammeverk, og vesentleg redusere utslepp av kjemikaliar og avfall til luft, vatn og jord for mest mogleg å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og for miljøet.

Innprentar elevane i kjeldesortering

Opphavskvinne til kjeldesorteringsplanen er Jorunn Haugland, miljøfagarbeidar med 20 prosent ansvar for miljøstasjonen, som ho opnar og stengjer kvar dag. Kvar onsdag hentar ho ei gruppe elevar i eit klasserom og tek dei med ut for å rydde uteområdet. Det fører til eit ryddigare skuleområde, og elevane blir meir bevisste på korleis dei skal handtere avfall.

– Når eg hentar klassen, som skal rydde, har eg alltid ein peptalk om kvifor det er viktig med kjeldesortering og gjenvinning. Eg prøver å motivere dei til å ta ansvar for eige bos, og eg vil leggje til rette for at elevane får ei god haldning til kjeldesortering. Vi vaksne treng også å jobbe med haldningane våre, og vi skal vere gode rollemodellar, slår ho fast.

Logo til FNs berekraftsmål 13

FNs berekraftsmål 13.3

Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette.

Gummigranulat på avvegar 

Vestland fylkeskommune har som mål at alle i fylket skal ha høve til å vere fysisk aktive kvar dag, og vi skal vere med og leggje til rette for både organisert og eigenorganisert aktivitet. Ein del av denne aktiviteten går føre seg på kunstgras.

Og det er her vi møter på eit nytt plastproblem. Ein del av plasten på avvegar i naturen kjem frå nettopp desse kunstgrasbanene, i form av gummigranulat. Det er teke høgde for i plaststrategien. Nytt tiltak:
Leggje til rette for og føretrekke berekraftige og naturlege uteareal, kunstgrasbaner og fritidsområde utan plast og gummidekker. Vestland fylke må i samarbeid med idretten finne alternativ til kunstgras med gummigranulat på noverande kunstgrasbaner og vere pådrivar for innovasjon og utvikling på dette feltet. Det må og vere ein klar målsetnad at alle kunstgrasbanene i Vestland som bruker granulat får installert filter eller andre tiltak som hindrar at mikroplast hamnar i avlaupssystemet.

Samarbeid om framtidas kunstgras

Kva kan ein liten fylkeskommune i eit lite land gjere med det? Kanskje ikkje så mykje heilt aleine, men her kjem FN sitt berekraftmål nummer 17 inn i bildet:

Logo til FNs berekraftsmål 17

FNs berekraftsmål 17

Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling.

– Det er gjennom samarbeid vi kan oppnå noko på dette området. Vi skal saman med andre bidra til meir berekraftige anlegg med mindre utslepp, seier Britt Karen Spjeld, seksjonssjef for idrett og friluftsliv.

Vestland fylkeskommune er difor med i KG2021, eit prosjekt som jobbar med neste generasjons kunstgrasbaner.

Fylkeskommunen har også signert ein samarbeidsavtale med Vestland idrettskrets knytt til berekraftig anleggsutvikling. Målet er meir berekraftige idrettsanlegg av alle typar. Nokre stikkord er energieffektivisering, meir berekraftige materiale i bygging og tilrettelegging for berekraftige idrettsarrangement.

nærbilde plastgranualt på kunstgressbane
PLASTGRANULAT. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Fakta: KG 2021

Målet er at fylkeskommunar, kommunar, idrettslag, forskingsmiljø og andre skal bidra med nye og berekraftige konsept for korleis ein kan planlegge, bygge og drifte kunstgrasbaner. Måla er å

  • redusere spreiing av mikroplast frå kunstgrasbaner med 80 prosent
  • redusere materialstraum med minst 50 prosent
  • redusere avrenning av tungmetallar med >90 prosent
  • oppnå gjenbruksandel på minst 60 prosent

Opprydding av marin forsøpling

Nytt tiltak: Støtte friluftsråda, Skjærgårdstjenesten, andre interkommunale aktørar i arbeid knytt til tiltak mot marin forsøpling og opprydding av marin forsøpling.

Og også her er samarbeid eit stikkord. Gjennom Vestkystparken samarbeider Vestland og Rogaland fylkeskommunar med Statens naturoppsyn og friluftsråda om drift og tilrettelegging av friluftsområde ved sjøen. Vestland fylkeskommune har sekretariatet for Vestkystparken og skal sjå til at styrevedtaka blir følgde opp. I tillegg løyver vi driftstilskot til friluftsråda, som går til blant anna rydding av marin forsøpling.

I 2021 har dei tre friluftsråda i fylket fått til saman over fem millionar kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune. Pengane er både ordinære driftstilskot og driftstilskot til skjergardstenesta.

– Må stoppe kranane

Eitt av friluftsråda som har fått driftstilskot er Fjordane friluftsråd. I fjor rydda dei 67 tonn marint avfall, og det talet har dei som mål å slå i år. Friluftsrådet jobbar med marin forsøpling i heile tidlegare Sogn og Fjordane, blant anna gjennom prosjektet Skuleturné for havet. Turneen starta i august i år, og så langt har 367 elevar og lærarar vore med ut og rydda fire tonn avfall.

Barn ryddar plast i fjæra.
67 TONN: I 2020 rydda Fjordane friluftsråd 67 tonn marint avfall. I år er målet endå meir. Foto: Fjordane Friluftsråd.

– Prosjektet er ein kombinasjon av undervisning og ryddeaksjon. Vi lærer elevane om marin forsøpling, identifiserer kvar boset kjem frå, ser på eige forbruk og snakkar om løysingar. Målet er å skape engasjement og jobbe førebyggande. Vi kan ikkje måle suksessen berre i kor mange tonn plast vi ryddar. Vi må stoppe kranane, og då er det ekstra relevant å undervise komande generasjonar, fortel Thea Båtevik, fagleg leiar for marin forsøpling i Fjordane friluftsråd.

ombord - seilskule
STRANDRYDDESEGLAS: Tidlegare i år segla Fjordane friluftsråd frå Solund i sør til Stad i nord med galeasen Loyal. Kvar dag hadde dei med ein ny skuleklasse ut for å rydde bos. I løpet av seglasen rydda dei 1,5 tonn marint avfall. – Det er kjekt for elevane å kome seg ut, og det er viktig for oss at dei sit att med ei god oppleving av å ha gjort ein innsats for havet. Om ein er glad i havet er det gjerne lettare å ta vare på det, slår Thea Båtevik fast. Foto: Fjordane Friluftsråd

Fjerna 1,5 tonn bos

Også mange av dei vidaregåande skulane i Vestland har ryddeaksjonar i strandsona. 90 elevar ved Austevoll vgs. var i slutten av august ute og fjerna om lag 1,5 tonn frå nydeleg kystnatur i samarbeid med Bergen og omland friluftsråd. Austevoll fiske og tur og Lerøy bidrog med båtar og mannskap.

Aksjonar som dette støttar opp om følgjande tiltak i plaststrategien:
Leggje til rette for at alle skulane er ute å ryddar plast i naturen med elevane sine.

Og ikkje minst – noko både Thea i Fjordane friluftsråd og ikkje minst Jorunn på Os vgs. tek på alvor: Informere og kommunisere kunnskap om plast- og marin forsøpling og drive handlingsskapande arbeid knytt til opplæring.

For kanskje er kunnskap hjå framtidas avgjerdstakarar noko av det mest avgjerande for å nå visjonen i plaststrategien og for å gje kvalar og anna liv i havet ei plastfri framtid.