mann på kontorstol med mange andre stoler rundt seg.
STOL-LEIKEN: Eigedomsdirektør Jostein Fjærestad vil gjenbruke så mykje som mogleg av møblane i Vestland fylkeskommune. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Møblane går i loop

Kikkar du nærare på kvar stol, kvart bord eller kvar hylle i fylkeshuset på Sandsli, vil du sjå ein liten klistrelapp med ein QR-kode. Skannar du koden, vil du få opp bilete, vedlikehaldsstatus, verdi og klimautslepp på akkurat det møbelet. Men kvifor?

Svaret ligg i at fylkesadministrasjonen i Vestland i februar 2023 flyttar frå Sandsli, der dei då har vore mens eit nytt fylkeshus blir bygd på den gamle tomta i Bergen sentrum. Absolutt alt av møblar og inventar på Sandsli skal ut. Då må kvart møbel finne sin plass, og bosplassen er ikkje rette staden.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

– For å løyse det at møblar skal ut av dette bygget og inn i det nye, ønskjer vi å kaste minst mogleg, og ha mest mogleg gjenbruk. Vi har difor registrert møblane i ein database, kalla Loopfront. Før vi skal flytte inn i nytt fylkeshus, skal vi gå inn i databasen og velje dei møblane vi kan gjenbruke der, seier Josten Fjærestad, eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune.

Heile 5700 møblar i meir enn 400 cellekontor, 40 møterom, sosiale soner, kjøkkenkrokar, opne landskap, lager, gangar og fellesområde er registrerte.

Logo til FNs berekraftsmål 12

FNs berekraftsmål 12.7

Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikk og prioriteringar i dei enkelte landa.

A-ha!

Eigedomsdirektøren fekk ei a-ha-oppleving då han såg at ABC Kontor, firmaet som har skanna og vurdert møblane, registrerte kontorbordplater og understell for seg.

– Vi hadde tenkt at alle kontorbord måtte byttast ut, sidan dei blir for store til dei nye arbeidsplassane. Så fekk vi vite at vi kan gjenbruke om lag 70 prosent av understellet på hev/senk-borda, då desse er justerbare også i breidda, seier han.

Det blir med andre ord mykje billigare og meir berekraftig å berre skaffe nye bordflater til det nye fylkeshuset, der kvart arbeidsbord skal vere smalare enn dei fleste er no. Dei gamle og store bordplatene blir lagde inn i katalogen så andre einingar i fylkeskommunen, som dei vidaregåande skulane og tannklinikkane, kan nytte seg av dei.

Har på den grøne leiartrøya

Vestland fylkeskommune er blant dei aller første offentlege aktørane i Noreg til å ta i bruk eit system for sirkulær økonomi og å kartlegge møblane sine på denne måten. 

Fjærestad kan ikkje komme med konkrete tal på kor mykje arbeidsgjevaren hans sparar på å bruke Loopfront, man at det lønner seg, både i tid, pengar og miljø, er han ikkje i tvil om.

Vi kjem til å ta med oss meir. Mykje meir. Berre det at vi kan gjenbruke kontorborda og møteromsmøblar til så mange folk er ein stor gevinst. Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør.

Berekningar frå ABC Kontor viser at Vestland fylkeskommune vil redusere CO2-utslepp med fleire tonn med denne løysinga. Den endelege fasiten kjem ikkje før fylkeskommunen faktisk har gjenbrukt møblane, tidlegast neste sommar når møblane er teikna inn i nybygget.

Digitalisering gir mindre skapbehov

Etter at fylkesadministrasjonen har plukka ut møblane dei vil ha i sin eigen katalog, kan andre einingar i fylkeskommunen plukke gratis frå katalogen. Til dømes skal ikkje kontorskap med vidare i nytt fylkeshus, det er det ikkje lagt til rette for. Med mykje mindre papir og det meste lagra digitalt, er skapbehova mindre no. Alle fagbøker som folk i dag har ståande på cellekontora skal samlast i eit eige felles bibliotek.

Fleire møterom i det nye fylkeshuset skal gjenbruke møteromsmøblar.

– Vi skal ha inn ein arkitekt som kan sjå på korleis dei kan gjenbrukast. Nokre plassar treng vi kanskje ein ny sofa, som kan passe saman med eit brukt bord. Andre møte- eller prosjektrom kan få heile sittegrupper som er i bruk i dag, sier Fjærestad.

Nærbilde av QR-kode klistret på underside av stol
QR-KODE PÅ ALLE MØBLAR: Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Full kontroll

Skannar du den unike QR-koden som er klistra på alle møblane, kan du sjå mål og vekt, farge, foto, lokalitet, teknisk stand, produsent, verdi, og klimautslepp på kvart enkelt møbel i fylkesadministrasjonen på Sandsli.

Stort sett alle møblane er av svært god kvalitet, og kan brukast vidare sjølv om nokre av dei er meir enn 20 år gamle.

Nytt bygg – berre brukte møblar

Gjenbruk av møblar er ikkje nytt i fylkeskommunen. Dei aller fleste møblane på Sandsli kom med flyttelasset frå sentrum. Men med over 100 nye tilsette overførte frå Statens vegvesen var det behov for enda fleire kontormøblar.

– Men ingen av dei vart kjøpte nye. Mellom annan kjøpte vi om lag 100 ti år gamle hev/senk-pultar frå fleire firma som var på flyttefot, seier Fjærestad.

mange stolar og bord
PENT BRUKTE: Dette er nokre av møblane som er kjøpte pent brukte til nybygget til Sogndal vgs. Foto: Tage Rickard Sundell/Vestland fylkeskommune.

Også på Kaupanger, i eit heilt nytt bygg som rommar både ei avdeling av Sogndal vgs. og vitensenteret ViteMeir, blir det ikkje eit einaste nytt møbel å sjå. Fylkeskommunen eig sjølve bygget med skulen og 33 prosent av ViteMeir.

– Det stemmer. Vi har kjøpt brukte møblar frå firmaa Green Table og Movement til fellesareala og administrasjonsdelen av vitensenteret. I tillegg har vi fått spesialbygde ein del møblar, seier prosjektleiar Tage Rickard Sundell.

Prosjekt med Universitetet i Bergen og Bergen kommune

Saman med Bergen kommune og Universitetet i Bergen får Vestland fylkeskommune 250 000 kr i klimasatsmidlar av Miljødirektoratet til prosjektet «Sirkulær møbelflyt».

Dei tre aktørane har dei siste åra hatt eit samarbeid om sirkulære møbelanskaffingar.

– Dette er veldig gode nyheiter og ei stor anerkjenning av prosjektet vårt. Klimasatsmidlane skal gå til eit forprosjekt som skal kartlegge moglegheiter og hindringar for gjenbruk av møblar på tvers av dei tre organisasjonane, seier Katrine Røkke Wilson frå innkjøpsseksjonen i Vestland fylkeskommune. 

Fylkeskommunen har tatt utgangspunkt i at det vil vere klima‐ og kostnadseffektivt å gjenbruke, dele og forlenge levetida på møblar dersom det er eit større omfang og fleire aktørar er med.