Finansutvalet har behandla utkastet til budsjett for Vestland fylkeskommune.

Budsjettarbeidet for Vestland er i gang

Fylkestinget 17. og 18. desember skal endeleg godkjenne det første budsjettet for Vestland fylkeskommune. Nytt er at det ikkje er fylkesrådmannen, men finansutvalet som skal fremje budsjettforslaget. Finansutvalet hadde sitt første møte i Bergen i dag.

Publisert 24.10.2019 av Redaksjonen

Vestland fylkeskommune får eit budsjett på 14,6 milliardar kroner i 2020. Av dette går 8,7 milliardar kroner til netto driftsutgifter og 5,9 milliardar kroner til investeringar.

Budsjettprosessen er lagt opp etter den såkalla finansutval-modellen. Det vil seie at finansutvalet legg fram budsjettet til politisk behandling i dei fire hovudvala før budsjettet går til fylkesutvalet og fylkestinget til endeleg vedtak.

Breitt samansett

Finansutvalet er samansett av fylkesutvalet, dei fire hovudutvalsleiarane og parti som ikkje er representert i fylkesutvalet. Raudt og Pensjonistpartoiet stiller med ein representant kvar.

Det er dei 17 medlemmene i fylkesutvalet som har stemmerett, men dei andre har rett til å møte og uttale seg.

Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune leia det første møtet i finansutvalet, med fylkesrådmann Rune Haugsdal ved si side.

Tidlegare politisk involvering

Sogn og Fjordane fylkeskommune har brukt finansmodellen, men den er ny for Hordaland fylkeskommune. Finansutvalsmodellen gir tidlegare politisk involvering i utarbeidinga av budsjettet. Prosessen blir opnare og alle får tilgang til lik informasjon. Finansutvalet skal jobbe heile året og får dermed god eigarskap til budsjettarbeidet. Det blir dermed ikkje fylkesrådmannen som fremjar budsjettforslaget, men finansutvalet. Gjennom året skal finansutvalet gjere såkalla prosessvedtak som er politiske styringssignal til fylkesadministrasjon.

Arbeidsdokument

I år er situasjonen spesiell, siden dokumentet til dette første møte i finansutvalet er omfattande. Til møtet har fylkesrådmannen lagt fram eit arbeidsdokument som er bakgrunn for budsjettarbeidet.  Finansutvalet godkjende det framlagde arbeidsdokumentet frå fylkesrådmannen, men med visse endringar i formuleringane knytt til vidare behandling. Utvalet ber og administrasjonen om å presentere ei kuttliste på ytterlegare 25 millioner kroner, slik at dei og kan vurdere andre salderingspostar enn det administrasjonen har lagt fram i arbeidsdokumentet.

Etter møtet i dag skal dei politiske partia sjå nærare på arbeidsdokumentet. Dei kan stille spørsmål til fylkesadministrasjonen om forhold i arbeidsdokumentet dei vil ha nærare forklart.

Vidare behandling

Dei fire hovudutvala i Vestland får dette førebelse utkastet til budsjett frå finansutvalet til behandling 12. november. Tilrådingar frå hovudutvala går til nytt møte i finansutvalet 13. november. Det kan bli aktuelt med fleire møte i finansutvalet.
2. desember skal hovudutvala igjen behandle budsjettet. Innstillinga deira går til fylkesutvalet 3. desember, som legg fram endeleg budsjettinnstilling til fylkestinget.
17. og 18. desember skal fylkestinget vedta det endelege budsjettet og økonomiplan for Vestland fylkeskommune. 1. januar er den nye fylkeskommunen oppe og går.

Statsbudsjettet er hovudgrunnlag

Statsbudsjettet, som er lagt fram av regjeringa, dannar hovudgrunnlag for arbeidet med fylkesbudsjettet. Eit hovudtrekk er at Vestland ikkje får vekst i såkalla frie inntekter i 2020. Dette er pengar som fylket fritt kan disponere og er samansett av skatteinntekter og statlege rammetilskot. Dette utgjer rundt tre firedelar av inntektene til Vestland fylkeskommune.