Bli med i folkejuryen

NB! Påmeldinga er no avslutta.

640 forslag til fylkesvåpen kom inn ifrå publikum i innspelsfasen. No treng vi ein folkejury på 10 personar som kan plukke ut ti favorittar, som alle kan stemme over på internett i slutten av august.  Vil du vere med i folkejuryen og ta del i vestlandshistoria?

Parallellt vil ein fagjury også velje ut sine ti favorittar.

Krav til folkejuryen

  • Alle medlemmene skal ha adresse i Hordaland eller Sogn og Fjordane
  • Juryen skal ha ei jamn fordeling av kvinner og menn
  • Medlemmene skal ha ulik alder og bakgrunn
  • Medlemmene skal kome frå ulike stadar i Hordaland og Sogn og Fjordane

Meld deg slik

Send e-post til post@sfj.no merka med «Folkejury» innan 9. juli. (Påmeldinga er no avslutta).

I e-posten skriv du kort om deg sjølv:

  • Namn, alder, bustadskommune, yrke/stilling og ein kort tekst om kvifor du ønskjer å vere med i folkejuryen
  • Adresse, telefonnummer og e-postadresse
  • Du må stadfeste at du kan vere i Bergen den 18. august kl. 13.00 – 16.00

Møte tid og stad

Folkejuryen skal møte på fylkeshuset i Bergen (Agnes Mowinckles gate 5)  laurdag 18. august kl. 13.00 – 16:00
Du vil få servert lunsj.

Dei som kjem langvegsfrå får dekka reiseutgiftene for billegaste effektive reiseveg.

Dette skal folkejuryen gjere

Målet med folkejuryen sitt arbeid er å velje ut 10 av dei innkomne forslaga til nytt fylkesvåpen som skal gå vidare til avstemming om folkets favoritt.

  • Juryen får tilsendt på e- post alle dei innkomne forslaga i forkant av samlinga 18. august.
  • Kvart medlem av folkejuryen blir bede om velje sine 5 favorittar i forkant av samlinga. Der skal dei bli einige om kva 10 forslag som går vidare til nettavstemminga.
  • Folkejuryen nyttar kriteria frå den opne innspelsprosessen som kriterier for val av forslag som skal vidare til nettavstemming.
  • På samlinga 18. august skal juryen saman velje kva 10 forslag som skal gå vidare til nettavstemminga om folkets favoritt.

Val av folkejury

Prosjektgruppa for nytt fylkevåpen vil innan 3. august velje ut 10 personar som skal sitje i folkejuryen. Prosjektgruppa kan supplere med andre medlemmer for å nå kriteria ovanfor dersom vi ikkje når det med dei som har meldt i frå at dei ynskjer å delta i folkejuryen. Prosjektgruppa vert sekreteriat for folkejuryen.

Dette skjer framover

Ein fagjury og ein folkejury plukkar ut 10 forslag kvar. Desse forslaga vert lagt ut til nettrøysting der du som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane stemmer fram din favoritt. Vinnaren i avstemminga vinn folkefavorittpremien på kr 25 000. Dei andre finalistane får 2000 kroner kvar.

Folkefavoritten og dei opptil 19 andre finalebidraga vert med til inspirasjon i ein designkonkurranse til hausten, i tillegg til dei tre forslaga som fagkomiteen vel ut. Der kan designbyrå og kunstnarar delta. Nærare informasjon om dette kjem. Det er med andre ord ikkje sjølvsagt at det er folkefavoritten som blir det nye fylkesvåpenet.

Etter designkonkurransen vil fagkomitéen rangere dei ferdige bidraga, og innstille til nytt fylkesvåpen. Det er til slutt politikarane i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland som saman vedtek det nye fylkesvåpenet.

Har du spørsmål?

Send e-post eller ring:

Ole Vegard Skauge 489 94 925 (fram til 9. juli)