BLI MED: Vil du vere med og finne det beste fylkesvåpenet? Søk om å bli medlem av folkejuryen!

640 fylkesvåpenforslag – no kan du sitte i folkejuryen

Heile 640 forslag til fylkevåpen har kome inn frå publikum. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune søker no etter 10 personar som skal sitte i folkejuryen og saman finne fram til ti fylkesvåpenfinalistar.

Publisert 29.06.2018 av Redaksjonen

Vil du vere med og skape vestlandshistorie? No kan du du vere ein av dei som skal møtes 18. august i Bergen og saman finne fram til dei ti beste blant dei 640 innsende forslaga til fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune.

Møte i Bergen 18. august

Folkejuryen skal spegle att innbyggjarane i det nye fylket, og ha folk i ulike aldrar og kjønn og frå ulike geografiske område. Du må

  • ha adresse i Hordaland eller Sogn og Fjordane
  • vere opptatt av kva som er eit godt fylkesvåpen
  • kunne vere i Bergen laurdag 18. august mellom kl. 13–16.

Kvart medlem i folkejuryen vil på førehand få tilsendt alle dei innsende forslaga, og gjer seg opp ei meining om fem favorittar. I møtet skal folkejuryen velje ut sine 10 favorittar. Desse blir slått saman med fagjuryen sine 10 favorittar. Alle finalistane går til ei nettrøysting i slutten av august. Vinnaren av nettrøystinga, «folkefavoritten», får 25.000 kr. Dei andre finalistane får 2000 kr kvar.

Slik søker du

Høyrest det freistande ut? Send ein epost til post@sfj.no, merka «Folkejury», med følgande informasjon:

  • namn
  • alder
  • adresse
  • grunngjeving for kvifor du vil bli med i folkejuryen

Frist: 9. juli. Les alle vilkår og alt om vegen til det nye fylkesvåpenet på vlfk.no/fylkesvapen.

Naturen som inspirasjon

Til saman har fylka fått inn 640 forslag til fylkesvåpen frå 324 ulike personar. Forslaga fordeler seg tematisk slik:

  • Natur: 340
  • Kultur/historie: 162
  • Samtid/anna: 63
  • Kombinasjonar av tema: 75

Av dei innkomne journalpostane er 242 frå Hordaland og 67 frå Sogn og Fjordane, andre 17 og ukjend 1.