VIL DU JOBBE MED VEG? Mange stillingar innan mange yrkesgruppar er no ledig på avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylke.

Vestland lyser ut opp mot 100 ledige stillingar innan infrastruktur og veg

Som følge av regionreformen blir administrasjonen av fylkesvegoppgaver overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunene 1. januar 2020. I den samanheng lyser Vestland ut opp mot 100 nye stillinger.

Publisert 10.10.2019 av redaksjonen

Den nye avdelinga infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune skal ha 300 årsverk. I overkant av 200 er på plass frå Statens vegvesen og fylkeskommunane. Dei resterande stillingane lysast ut no, med arbeidsstad i Førde, Leikanger, Nordfjordeid, Odda, Voss eller Bergen. Søknadsfristen er 23. oktober.

Det er mange ulike type stillingar som er ledige. Til dømes skal avdeling for infrastruktur og veg mellom anna ha juristar, HR-rådgjevarar, byggeleiarar og vegplanleggarar.

– Vi arbeider no med å byggje opp ein solid og kompetent  vegadministrasjon som skal løyse oppgåvene på  fylkesvegane. Dei som blir tilsett får store moglegheiter til å vere med å påverke og utvikle, seier Dina Lefdal, påtroppande direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Oppgåvene til avdelinga er å:

  • planlegge, bygge ut, drifte og vedlikehalde om lag 5600 km fylkesveg
  • ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar
  • samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket
  • ivareta heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan
  • ha naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet

Alle stillingane finn du på vlfk.no/jobb