640 fylkesvåpenforslag er komne inn – no søker vi folkejury

Heile 640 forlag til fylkevåpen er komne inn frå publikum. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune søker no etter 10 personar som skal sitte i folkejuryen og saman finne fram til ti fylkesvåpenfinalistar.
Bilete frå møte i fellesnemnda juni 2018, Førde. Politikarane sit rundt bordet i ein hestesko.

Fellesnemnda vedtok politisk organisering i nytt fylke

På møte i Førde 22. juni vedtok fellesnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane den framtidige politiske organiseringa i Vestland fylkeskommune. Det nye fylket får fire politiske hovudutval.

Namnet blir Vestland fylkeskommune

– Dette er eit godt namn for det nye storfylket, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Stortinget 7. juni vedtok namna på dei nye fylkeskommunane. Det inneber at det nye storfylket på Vestlandet skal heite Vestland fylkeskommune.