Flyttar inn i det nye Vestlandshuset

– Vi har fått eit tipp-topp moderne, berekraftig, fleksibelt og ope hus, der samarbeid og samhandling står sentralt, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal. I dag kunne han ønskje over 800 tilsette velkommen til første arbeidsdag i det nye huset til fylkeskommunen, Vestlandshuset.

Toppen av stort hus med to klokker.
TIPP-TOPP MODERNE: Det nye Vestlandshuset er moderne, berekraftig og ope. Klokkene er på plass på toppen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Dei første tilsette stod klare klokka sju i dag og var spente på å sjå sin nye arbeidsplass.
­– Vi har fått eit kjempeflott og fantastisk hus. Alle eg ser er blide og nøgde. Vi er glade for å kome tilbake hit til sentrum til eit moderne, lyst og fint hus. Vi gler oss til framhaldet og dette blir veldig bra, seier Mariann Leganger i resepsjonen i 1. etasje.

Tre personar ved bord.
– Vi har fått eit fantastisk hus, seier Mariann Leganger som saman med Magne Hagesæter (t.v.) og Hogne Haktorson, tok imot tilsette i resepsjonen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Song og musikk

I ein jamn straum kom tilsette på jobb i det nye huset og vart møtt med song av Reidun Horvei og Vidar Henning Underseth på hardingfele. Det var mykje smil og latter og gode samtalar. Adgangskort vart delt ut. Det var omvising, og dei nye kontora vart tekne i bruk.

Ein som syng og ein som spelar hardingfele.
Reidun Horvei, song, og Vidar Henning Underseth. Hardangerfele underheldt i resepsjonen då tilsette kom på jobb for første gong i det nye Vestlandshuset. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Flotte smil

Hogne Haktorson er kontrollsjef og jobbar i 3. etasje med tillitsvalde og politikarar som naboar.

– Her er mange flotte smil å sjå. Folk har gleda seg til å kome inn i eit flunkande nytt hus. Det gjev inspirasjon til å arbeide framover, seier Haktorson.

– Alle som jobbar her, har gleda seg i tre år til å kome tilbake hit. Det er kjekt å kome heim att. Det er eit flott hus, seier Magne Hagesæter, som er hovudtillitsvald i Fagforbundet.

To personar ved sidan av kvarandre.
– Her er det berre smil å sjå, seier fylkesordførar Jon Askeland. Trond Vedvik er veldig imponert over den nye arbeidsplassen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Lagt til rette for å gjere god jobb

Fylkesordførar Jon Askeland pynta med fylkesordførarkjedet, tok imot dei tilsette i resepsjonen.

– Eg berre nyt å vere her. Eg har litt julaftanfølelse. Det er berre smil å sjå. Dette nye huset er viktig for lagfølelsen. Alle skal ha ein god arbeidsplass. Det gamle huset var gått ut på dato. No får alle skikkelege arbeidsplassar. Fylkeskommunen er ein viktig samfunnsutviklar. I det nye huset er alt lagt til rette for at vi skal gjere ein god jobb, seier fylkesordføraren.

Hus med inngangsdør og raud løpar.
Den raude løparen var lagt ut då dei tilsette for første gong kom på jobb i nytt hus. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Som bursdag og julaftan på same dag

Fylkesdirektør Rune Haugsdal er samd.

– Dette er som bursdag og julaftan på same dag. Eg har berre sett glade ansikt, smiler Haugsdal.

Trond Vedvik er hovudtillitsvalt for NITO.

– Eg er veldig imponert. Huset ser moderne ut. Eg gler meg til å kome i gang. Her får vi nytt miljø. Det er litt uvant, men eg har stor tru på at det går seg til, seier Vedvik.

Resepsjonsområde med mykje folk.
Det var mykje folk i resepsjonen i det nye Vestlandshuset der over 800 tilsette i fylkesadministrasjonen skal jobbe. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Ny kvardag

For dei 800 tilsette blir det ein ny kvardag i det nye huset. Det er bort frå cellekontor og over til eit aktivitetsbasert kontorkonsept. Det gjeld for alle, til og med fylkesdirektøren, men han gler seg til det.

–Kvar etasje har åtte ulike soner alt etter korleis vi skal jobbe. Vi skal velje den sona og rommet som passer til den jobben vi skal gjere. I tillegg er det mange møterom vi kan bruke, og andre rom og fasilitetar på heile huset. Arbeidsforma skal gje auke grad av samarbeid og samhandling med fleire kollegaer. Slik effektiv arealbruk gir også reduserte kostnader på både kvadratmeter og energiforbruk per tilsett. Dette inneber samla sett ei redusert miljøbelasting, seier Rune Haugsdal, som legg til at arbeidsforma er ny og må gå seg litt til.

Rune haugsdal ved kontorpult.
Sjølv toppsjefen, fylkesdirektør Rune Haugsdal, skal sitte tett på kollegaene i den nye arbeidskvardagen i Vestlandshuset. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Møteplass for samarbeid og samhandling

Det nye Vestlandshuset skal vere ein god og stimulerande møteplass for både politikarar, innbyggjarar, kommunane, samarbeidspartnarar og alle dei fylkeskommunen leverer tenester til. 

–  Det skal vere eit symbol på opne, demokratiske prosessar og vere ein inkluderande og viktig møteplass som profilerer fylkeskommunen som politisk forvaltingsnivå, seier Rune Haugsdal.

Stor sal med podium og sitjeplassar i amfi.
Den nye fylkestingssalen har fått namnet Vestlandssalen og har plass til både politikarar og publikum. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Følgje politiske møte

Publikum skal kunne kome hit og følgje politiske møte. I den største salen, Vestlandssalen, skal fylkestinget ha sitt første møte 14. og 15. mars. Dei mindre salane Folgefonna og Jostedalsbreen blir brukt til utvalsmøte. Der skal fylkesutvalet ha møte 8. mars og hovudutval for næring skal ha møte alt i dag, 23. februar. Heiltidspolitikarane har fått kontor i Vestlandshuset i tilknyting til dei politiske møteromma.

Stor trappe i stort hus.
Frå første til femte etasje er det store opne trappar. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Mange møterom

I det store møteromssenteret reknar Haugsdal med at mange møte mellom administrasjonen og samarbeidspartnarar vil finne stad.

– Her er det lagt godt til rette for både små og store møte med godt lysinnslepp og gode fasilitetar, seier Haugsdal.

Det er 32 møterom i fellesarealet i 3. etasje, som fylkeskommunen deler med leigetakarane i tårnet mot nord. I tillegg er det 9 møterom i 1. etasje, der nok mange innbyggjarar vil møte dei i administrasjon som dei har avtale med.

Open hage med kunstverk.
I 5. etasje er det ein hage med kunst. Eva Hild har laga kunstverket «sprekkande skydekke». Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Open og transparent arkitektur med uteareal

Fylkeskommunen ønskte ein arkitektur som får fram det opne og transparente som er berebjelka i alle demokrati, og som kjenneteiknar vårt norske samfunn. I hjartet av huset, mellom dei to tårna, finn vi Vestlandssalen med publikumsgalleri. Med opne flater og gjennomsyn, kan du som står ute, sjå inn til politikarane som representerer deg, og dei kan sjå ut på befolkninga som dei representerer. Huset skal vere eit symbol på opne, demokratiske prosessar og ein inkluderande og viktig møteplass som profilerer fylkeskommunen som politisk forvaltingsnivå og bidreg til dialog med innbyggarane i fylket. 

Kontorplass i ope landskap.
I Vestlandshuset er det ulike soner for aktivitetsbasert jobbing. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Utvendige trappar

Uteareala mellom tårna, blir bundne saman av utvendige trapper, og gir alle som har adgang til huset, høve til å opphalde seg i hage eller på terrasse trass i at huset ligg midt i byen. Ein mindre og tredje hage er også tilgjengeleg i 7. etasje frå begge tårn. Begge tårna har også ein karnapp i tre av etasjane, som bryt opp flatane sett utanfrå, og gir variasjon i etasjen og utsikt frå innsida.

Det blir brukt berande element i tre fleire stader i huset, blant anna fylkestingssalen, utvalsaler og delar av kantina. Også i delar av huset innvendig blir tre brukt som kledning på vegg, golv og i tak. Det er hovudsakleg kortreist ask og furu som er brukt.  Ask er nytta på alle synlege flater, mens berekonstruksjonar som fagverk og massivtreelement er i furu.

Rom med bord og to klokker utvendig på vindauga.
I møterommet Ulriken i 12. etasje er det to store klokker på veggen utanfor. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Tre klokker

Som i det gamle fylkeshuset er også klokkene på plass øvst på huset. No er det tre klokkar som peiker i ulike retningar. Dei er 5,3 meter i diameter og blant dei største i Noreg. To av dei er festa på utsida av møterommet for politisk representasjon der både utsikta er vendt mot og namnet på rommet er Ulriken.

Utbyggar LAB vann oppdraget med å bygge Vestlandshuset, saman med NSW Arkitektur, HUS, Arkitektgruppen Cubus og interiørarkitekt IARK. Sweco Norge AS er rådgivande ingeniørar for alle fag. Thor Arne Kleppan er arkitekt i NSW Arkitektur og prosjektleiar.

Mann ved kunsverket i irra bronse.
Kunstverket Landskap laga av kunstgruppa A-kassen i København står i inngangspartiet. Det er laga i bronse som har irra. Ronny Skaar har vore medlem i kunstkomiteen for utsmykking av Vestlandshuset. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Berekraft og grøne val

Berekraft og klima er viktige stikkord for mykje i Vestlandshuset.

– Vi har stilt krav om berekraftige løysingar i alle ledd, seier Haugsdal.
Det er brukt mykje betong og noko tre. Betongen er lågkarbon som har 25 prosent mindre utslepp enn vanleg betong. Treet er i hovudsak kortreist ask.

– Vi har også mykje gjenbruk av inventar og utstyr. Mange møblar er anten reinsa eller trekt om, og mange stolbein og plater er tatt med frå Sandsli. Og på taket har vi 330 solcellepanel som gjev oss 80 000 kilowatt straum. Det tilsvarar om lag årsforbruket til 25 husvære på 50 kvadratmeter.  Kravet til huset er 20 prosent reduksjon i klimagassutslepp, samanlikna med referansebygg, som berre følgjer gjeldande krav i plan- og bygningslova.

250 sykkeplassar

Ingen tilsette får parkere bil i Vestlandshuset. 

– Vi har lagt til rette for sykkel, gange og kollektivreising. Det er 250 sykkelplassar i kjellaren med dusjar og garderobar for dei tilsette. Så har vi 30 sykkelplassar for dei besøkande til huset. I underetasjen er det 34 parkeringsplassar for bilar, men dei er for tenestebilar og leigetakarar. Vi har også nokre parkeringsplassar for funksjonshemma, seier fylkesdirektøren Rune Haugsdal. 

Det er og sett krav om berekraft til kantineleverandøren Søtt & Salt. På den sosiale sida av berekraft praktiserer dei inkluderande arbeidsliv for menneske som står utanfor arbeidslivet eller treng arbeidstrening. På den grøne berekraftssida er dei opptekne av kortreist mat og lite matsvinn, i tillegg til sunn mat.